Hopp til hovedinnhold

Opna nytt Stella-senter

H.K.H. Kronprinsessa opna i dag Stella Røde Kors Kvinnesenter i Tønsberg – det første Stella-senteret utanfor Oslo.

18.11.2015

Senteret ligg lett tilgjengeleg i sentrum og har alt knytt til seg 22 frivillige frå Tønsberg og området rundt. Saman skaper dei frivillige eit tilbod for kvinner med minoritetsbakgrunn. Fokuset ligg på sjølvutvikling, sjølvrealisering og auka samfunnsdeltaking. I dag vart senteret offisielt opna, og frå i morgon slepp brukarane til for fullt.

Kronprinsessa blant grunnleggjarane

Alt i 2008 starta ei prosjektgruppe i Raudekrossen idéarbeidet rundt eit kvinnesenter som Stella. Kronprinsesse Mette-Marit var med i denne prosjektgruppa, og gleda var stor hos mange da Stella-senteret i Oslo opna dørene i mars 2012.

I dag er meir enn 150 frivillige tilknytte dette senteret, som har vorte eit populært tilbod for minoritetskvinner i hovudstaden. Etter modell frå Oslo håpar no Vestfold Røde Kors på like stor suksess. Tilboda vil bli mange og varierte, og målet er å skape ein viktig møteplass som motiverer.

Viktig møteplass og nyttige kurs

I tillegg til dei sosiale aspekta ved å ha ein stad å møtast og noko å gå til vil språk og arbeidstrening bli viktige satsingsområde for det nye senteret. Fleire av kvinnene er alt i gang med å trene norsk og engelsk. Det er òg mogleg å få hjelp til å skrive ein god jobbsøknad eller å setje opp ein CV. Når ein først har komme ut i arbeidslivet, har senteret òg tilbod om mentorar – nokon som kan vere ei støtte når ein er fersk i det norske arbeidslivet eller på ein praksisplass. Ønskjer ein å stresse ned etter jobb, er yoga òg ein del av tilbodet.

På Stella skal alle kunne delta. Kvar med sine ressursar og på sine eigne premissar.

Song for namnesøster si

Når ein opnar eit Stella-senter, kva er vel da meir naturleg enn å invitere Stella Mwangi til å sparke det heile i gang?

Den kjende artisten gav ein frisk start på opningsarrangementet, før ei tydeleg stolt Christina Moen i Vestfold Røde Kors informerte om senteret. Deretter snakka Imam Noureddine Bouhmala frå den lokale moskeen om kva den islamske kulturen seier om kor viktig det er at både menn og kvinner deltar i samfunnet og i arbeidslivet.

Så bar det ut på trappa der snora framfor huset vart høgtideleg kappa. Dermed var huset offisielt opna, og Kronprinsessa vart invitert inn til ein samtale. I samtalen delte kvinnene historier frå sine liv og fortalde om kva det betyr å ha ein stad som Stella Røde Kors Kvinnesenter å gå til og ha som støtte i kvardagen.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook