Hopp til hovedinnhold

Mottaking for Skoleprisen

I forlenging av jubileumskonferansen for Dronning Sonjas skolepris inviterte H.M. Dronninga til mottaking på Slottet fredag ettermiddag.

27.11.2015

H.KH. Kronprinsen var òg til stades under mottakinga, og fleire av gjestene hadde delteke på den to dagar lange konferansen som vart gjennomført i Oslo.


Dronning Sonjas skolepris vart utdelt første gong i 2006 og feirar såleis 10-årsjubileum i år. Jubileet har vorte markert med ein eigen konferanse dei siste dagane, der også Dronninga og Kronprinsen deltok.

Talar

Tidlegare statsråd Kristin Clemet heldt ein kort tale om kva prisen har å seie. Det var mens Clemet var undervisningsminister, at Dronning Sonjas skolepris vart oppretta.


Tidlegare elevrådsleiar Sondre Horst ved Thor Heyerdahl videregående skole og rektor Geir Navarsete heldt talar om kva prisen betyr sett høvesvis frå elevene og skoleleiinga sin ståstad.

 

Kronprins Haakon intervjuer Dronning Sonja om Skoleprisen. Innslag fra Dronning Sonjas Skolepris' 10-årskonferanse. Foto: Christian Lagaard, Det kongelige hoff.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook