Hopp til hovedinnhold

Tende julegrana i London

I kveld tende Prinsesse Astrid, fru Ferner juletreet på Trafalgar Square i London. Treet er den tradisjonelle gåva frå Oslo til London som takk for bistanden under den andre verdskrigen.

03.12.2015

Mange var møtte fram for å sjå den tradisjonsrike tenninga, og ikkje mindre enn tre ordførarar talte. Både Lord Mayor of Westminster Christabel Flight, Lord Mayor of London Fiona Woolf og Oslos eigen ordførar Marianne Borgen deltok i seremonien der Prinsessa tende julegrana. Det vart sjølvsagt òg julesong og -musikk.

Det er den 69. gongen ei julegran frå marka rundt Oslo lyser opp i førjulstida på Trafalgar Square – treet er pynta med rundt 500 lys.

Tradisjonsrik gåve

Oslo by har sendt ei stor gran til London kvart einaste år sidan 1947 som ei takk for britisk bistand under den andre verdskrigen. Ved foten av treet står inskripsjonen

This tree is given by the city of Oslo as a token of Norwegian gratitude to the people of London for their assistance during the years 1940–45.

Treet i år vart felt ved Ødegården i Østmarka i Oslo 18. november. Ordførar Marianne Borgen deltok i fellinga saman med blant andre Lady Christabel Flight. Den britiske ambassadøren og skolebarn frå Nøklevann skole og Oslo internasjonale skole var òg til stades under fellinga i Østmarka.

 

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook