Kongepar i 25 år
Søndag 17. januar 2016 er det 25 år sidan Hans Majestet Kong Harald og Hennar Majestet Dronning Sonja vart Noregs kongepar. Sjølve dagen – og jubileumsåret – vil bli markert på fleire måtar.
I dag lanserte statsminister Erna Solberg Regjeringas gåve til Kongeparet i høve jubileet: Det blir utearrangement med sceneshow og aktivitetar på Universitetsplassen med kroneverkstad, eventyrlavvo og fotovegg, etterfølgt av ein festkonsert i Universitetets aula. På Slottsplassen vil det vere vinteraktivitetar for barn og unge, med blant anna snowboard, skihopp og skiskyting med laser. I Spikersuppa kan barna prøve kunstløp.
Vinterfesten
Kongeparet tok kontakt med Idrettsforbundet for å høyre om dei hadde lyst til å hjelpe til med å arrangere eit barneskirenn på Slottsplassen i høve jubileet 17. januar. Idrettsforbundet syntest dette var ein god idé, og kom tilbake med forslag om eit stort vintersportsarrangement for barn på Slottsplassen.
Regjeringa samarbeider tett med idretten om arrangementet på Slottsplassen, slik at dette blir koordinert med arrangementa som inngår i gåva frå Regjeringa til Kongeparet.
Opne for alle
Arrangementa på Slottsplassen og Universitetsplassen er gratis og opne for alle og vil vere spesielt tilrettelagde for barn og unge. Festkonserten i Universitetets aula blir vist direkte på storskjerm på Universitetsplassen og vil òg bli vist på NRK same kveld.
Oversikt på Facebook
Ei eiga eventside vart lansert på Facebook i kveld. På Facebook/Kongepar i 25 år vil det fortløpande bli publisert informasjon om alt som skal skje jubileumsdagen.
Jubileumsår
Det vil bli fleire markeringer av jubileumsåret 2016. I tillegg til feiringa 17. januar vil høgdepunkta omfatte ei Jubileumsreise med Kongeskipet langs norskekysten frå 17. til 28. juni og ei gudsteneste i Nidarosdomen – på dagen 25 år etter at Kongeparet vart signa der.
Aktuelle saker

For kvinners helse i 125 år
I dag markerer Norske Kvinners Sanitetsforening sin 125-årsdag. Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsesse Mette-Marit sendte en digital hilsen til Sanitetskvinnene.

Møtte unge dyslektikere
Omtrent fem prosent har dysleksi, og like mange har dyskalkuli og spesifikke språkvansker. Fire unge med lærevansker fortalte i dag Hans Kongelige Høyhet Kronprinsregenten om sine utfordringer.