Kronprinsen på NHOs årskonferanse
I dag var H.K.H. Kronprins Haakon til stades på NHOs årskonferanse i Oslo Spektrum. "Remix – det nye arbeidslivet" er temaet i år.
Står vi overfor ein ny industriell revolusjon? Kvar tredje norske jobb kan vere erstatta av ny teknologi innan 20 år, ifølgje NHO. I år har årskonferansen til organisasjonen temaet «Remix – det nye arbeidslivet», som omhandlar korleis verdiskapinga og det norske velferdssamfunnet skal sikrast i framtida.
Den digitale utfordringa
Ei sentral utfordring er korleis ein best kan møte den digitale utviklinga, korleis ny teknologi endrar jobbkvardagen til kvar enkelt, og korleis ungdom skal motiverast til å velje teknologi- og realfag. Samtidig med den digitale omstillinga blir meir fleksibilitet i arbeidsmarknaden etterspurd i ei tid der Noreg opplever både aukande arbeidsløyse og høgare innvandring.
På talarstolen
Forutan NHOs president Tore Ulstein og direktør Kristin Skogen Lund er Sintefs konsernsjef Alexandra Bech Gjørv, MIT-professor Andrew McAfee, LO-leiar Gerd Kristiansen, NAV-direktør Sigrun Vågeng og statsminister Erna Solberg blant dei som skal tale. Om lag 1300 deltakarar møter kvart år på konferansen, som denne gongen blir leidd av Linn Skåber.
I kveld deltek Kronprinsen på NHOs årsmiddag, som òg er lagd til Spektrum.
Aktuelle saker

For kvinners helse i 125 år
I dag markerer Norske Kvinners Sanitetsforening sin 125-årsdag. Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsesse Mette-Marit sendte en digital hilsen til Sanitetskvinnene.

Møtte unge dyslektikere
Omtrent fem prosent har dysleksi, og like mange har dyskalkuli og spesifikke språkvansker. Fire unge med lærevansker fortalte i dag Hans Kongelige Høyhet Kronprinsregenten om sine utfordringer.