Hopp til hovedinnhold

Sikker nettbruk

"– Sosiale medium er fantastiske – men ikkje for alle. Og ikkje alltid." I dag opna H.K.H. Kronprinsen Medietilsynets konferanse Safer Internet Day 2016.

09.02.2016

Konferansen set søkjelys på behovet for nettvett og retten  barn og unge har til ein trygg digital kvardag.

Kronprins Haakon peika blant anna på korleis det kan oppstå ei form for ansvarsfråskriving når vi kommuniserer via nettet og ikkje ansikt til ansikt:

– Desse media kan brukast til å ekskludere, til å mobbe, til å uttrykkje hets og spreie rykte, til å setje andre i dårleg lys og kanskje òg blottleggje seg sjølv for mykje. Det skjer noko med oss når vi ikkje møter dei vi kommuniserer med, ansikt til ansikt. Det kan bringe ut noko av det som ikkje er så bra i oss. Vi mistar noko av ansvarskjensla for ytringane våre, og vi slepp ubehaget ved å møte reaksjonen hos andre ansikt til ansikt.

#hvagjørdu?

Korleis bidreg vi – dei unge sjølve, foreldre, politikarar, vi alle – til trygg nettbruk?

Konferansen vil utforske ulike tema rundt den digitale kvardagen til barn og unge: nettvett, digital dømmekraft, dataspeling, digital mobbing, personvern for barn og unge, oppvekst i ei digitalisert verd. Tematikken blir belyst av foredragshaldarar og aktørar i Medietilsynets Trygg bruk-nettverk.

Trygg bruk-prisen

Kronprins Haakon overrekte òg Trygg bruk-prisen for 2015 i dag. Vinnaren blir kåra av ein jury oppnemnd av Medietilsynet Trygg bruk, og prisen går til ein person eller organisasjon som har vist særleg vilje og evne til å bidra til at barn og unge får ein god digital kvardag.

I år gjekk prisen til mobbeombod Bodil Jenssen Houg. Ho er det første mobbeombodet i landet og har vist eit brennande engasjement for retten barn og unge har til eit godt psykososialt miljø – både på skolen, på nett og i livet elles.

Jensen Houg deler prisen med Buskerud fylkesting, som ved å opprette stillinga mobbeombod vart eit føregangsfylke for ein heilskapleg og systematisk innsats mot mobbing på alle arenaer der barn og unge er.

Heile grunngjevinga frå juryen er tilgjengeleg på nettsidene til Medietilsynet, via peikaren til høgre.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook