Hopp til hovedinnhold

Feira nynorsk kvinnekraft

– Vi kan sende ein takknemleg tanke til alle som har bana veg, sa H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit da Kvinnedagen vart markert på Litteraturhuset i Oslo.

08.03.2016

Under tittelen "Nynorsk kvinnepower" inviterte Vennelaget Samlagsrota til ein samtale med sju utvalde representantar for nynorsk litteratur på Kvinnedagen. Gjennom samtale og høgtlesing vart kvelden på Litteraturhuset vigd til Marit Eikemo, Mette Karlsvik, Anna Kleiva, Ruth Lillegraven, Olaug Nilssen, Agnes Ravatn og Gunnhild Øyehaug. Kjartan Fløgstad var ordstyrar.

Kronprinsesse Mette-Marit overvar arrangementet og nytta høvet til å rose det "nynorske språkrommet" og utviklinga av kvinnelege forfattarskapar i Noreg.

– Det er verkeleg – som Kjartan Fløgstad skreiv i eit essay i 2012 – "eit sant mirakel" at så mange forfattarar vel å skrive nynorsk. Det er eit mirakel at eit lite land som Noreg kan få fram så mange forfattarar som òg vekkjer internasjonal oppsikt, sa Kronprinsessa i talen sin.

Innleiingsvis siterte ho Virginia Woolfs essay "Eit eige rom", opphavleg halde som foredrag i 1929. Mens det var ei tid da skriving vart sett ned på, spesielt dersom det vart gjort av kvinner, er tidsbiletet i dag eit anna:

– Virginia Woolf ville nok vore einig i at ikkje berre materiell og intellektuell fridom er nødvendig for å kunne skape skrivekunst – men òg høve til å skrive på sitt eige språk, si eiga målform. For språk er identitet. (…) Vi kan sende ein takknemleg tanke til alle som har bana veg – og gratulere kvarandre med dagen!

Delte ut gründerpris

I føremiddag vart Kvinnedagen òg markert på Norsk design- og arkitektursenter, DoGA. Her var Kronprinsessa til stades for å dele ut prisen Female Entrepreneur 2016, som senteret gjev ut i samarbeid med Innovasjon Noreg og Nærings- og fiskeridepartementet.

Målet med prisen er få fram fleire suksessrike vekstgründerar og leiarar i Noreg. Prisen heitte tidlegare Årets gründerkvinne og vart første gong delt ut i 2009.

Prisen gjekk til FeC AS med gründer Kathrine Molvik frå Knarvik i Hordaland. Molvik vart heidra for arbeidet sitt med å byggje opp eit sveisefagleg kompetansesenter med robotteknologi.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook