Norsk Ordbok fullført
H.K.H. Kronprinsessa var til stades ved lanseringa av Norsk Ordbok i dag. Tolvte og siste bind i verket om norsk folkemål og det nynorske skriftspråket er ferdigstilt.
Norsk Ordbok gjev ei uttømmande framstilling av ordtilfanget i dei norske dialektane og i nynorsk skriftspråk, og bokverket inneheld meir enn 300 000 ordartiklar. Under oppslagsorda finn vi informasjon om kva orda tyder, dialektformer, grammatiske opplysningar og opplysningar om ordhistorie.
Lansering i Aulaen
Lanseringa skjedde i Universitetets aula i Oslo i føremiddag, og Kronprinsesse Mette-Marit vart motteken av rektor Ole Petter Ottersen ved Universitetet i Oslo. Ved lanseringa var det ei rekkje talar, mens Lars Vaular, Frode Kvinge Flatland og Den norske Studentersangforening stod for dei kulturelle innslaga.
Lang historie
Norsk Ordbok har ei lang forhistorie. Alt i 1929 løyvde Stortinget dei første midlane til Norsk Ordbok. I starten kom ordboka ut som hefte. Det første heftet vart gjeve ut i 1950, og første bind i bokverket kom i 1966. I 2001 vart det bestemt at tiltaket skulle organiserast som eit prosjekt under Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo, og no – femten år seinare – er bokverket fullført.
Aktuelle saker

For kvinners helse i 125 år
I dag markerer Norske Kvinners Sanitetsforening sin 125-årsdag. Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsesse Mette-Marit sendte en digital hilsen til Sanitetskvinnene.

Møtte unge dyslektikere
Omtrent fem prosent har dysleksi, og like mange har dyskalkuli og spesifikke språkvansker. Fire unge med lærevansker fortalte i dag Hans Kongelige Høyhet Kronprinsregenten om sine utfordringer.