Hopp til hovedinnhold

Biomarin næring i vekst

Kronprinsparet var på eit tredelt besøk til Ålesund i dag, med symposium, fisketrålar og bedriftsbesøk. Temaet var biomarin industri – ei ung næring med internasjonale ambisjonar.

21.04.2016

Ålesundsområdet er kjent for innovative og viktige marine klyngjer. Dei seinare åra har det òg vakse fram ein ny biomarin industri i området. Dette har resultert i den biomarine klyngja LEGASEA, som består av meir enn 20 bedrifter. Kronprinsparet fekk i dag lære meir om denne klyngja og det internasjonale potensialet for den biomarine industrien på Nord-Vestlandet. Den Høgvørde Kronprins Haakon opna òg fagsymposiet ”Marine Proteins and Peptides Symposium 2016”.

Ung næring – internasjonale ambisjonar

Berekraftig og lønnsam utnytting av marin biomasse og restråstoff er det viktigaste målet for den biomarine klyngja LEGASEA. Klyngja har utspringet sitt i 20 bedrifter innan fangst, oppdrett og industriell foredling av marine oljar og ingrediensar i Møreregionen.

Nesten 10 % av den globale foredlinga av biomarine ingrediensar skjer i Møre og Romsdal. Når det gjeld konsentrat av omega-3, står industrien i fylket for heile 30 % av den globale produksjonen. Visjonen til klyngja er å bli verdsleiande gjennom ei berekraftig og lønnsam utvikling og utnytting av marine bioressursar og restråstoff i industriell skala.

I talen sin under opninga av morgonens fagsymposium la Kronprinsen vekt på at LEGASEA var eit godt eksempel på kva ei innovativ klyngje kan bety for eit land som Noreg.

Our time is a time for change. Legasea is a good example of innovative clusters that redefine global challenges into national opportunities, sa Kronprinsen.

Kronprinsen peika òg på det aukande behovet i verda for tilstrekkeleg og sunn mat, og korleis mykje av løysinga på desse utfordringane ligg i havet.

Tur med trålar

Kronprinsparet fekk òg høve til ein tur om bord på fisketrålaren «Molnes». Dette er ein trålar som har teke steget inn i framtida og tek vare på alt råstoff frå fisken dei tek om bord. Fiskebåten er blant anna utstyrt med ein sentrifuge som er med på å gjere fiskeslo om til protein og fiskeolje.

Omega-3

Tilbake på land sette Kronprinsparet kursen mot bedrifta Epax, som er verdsleiande innan produksjon av omega-3. Kronprinsen og Kronprinsessa fekk ei omvising i produksjonslokala og ei innføring i dei innovative produksjonsmetodane ved bedrifta.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook