Hopp til hovedinnhold

Litteraturtoget 2016

For tredje år på rad legg H.K.H. Kronprinsessa ut på ei litterær togreise med gode forfattarar og bøker om bord. Utanforskap er årets tema.

02.05.2016

Litteraturtoget 2016 går langs Bergensbanen. Det første gjekk frå Bodø til Stjørdal i 2014, og i 2015 stod Dovrebanen for tur. I år skjer det altså langs Bergensbanen, med arrangement og forfattarmøte undervegs.

Oppstart i Bergen

Litteraturhuset i Bergen er åstad for det første arrangementet 1. juni, kvelden før avreisa. Toget kjem til Oslo 3. juni, der det vil vere eit avsluttande arrangement på Litteraturhuset. Litteraturtoget har eitt formål: å inspirere til leseglede og leselyst. Det finst ei bok for alle!

Fleire stopp og fine møte

På turen frå Bergen til Oslo vil Litteraturtoget stoppe på Voss, Gol og Hønefoss før siste arrangement på Litteraturhuset i Oslo.

På kvart stopp blir det aktivitetar i form av samtalar med forfattarar og høgtlesing frå bøkene på det lokale biblioteket. Forfattarane som deltek, er Jonas Hassen Khemiri (Bergen), Agnes Ravatn (Voss), Lars Saabye Christensen (Hønefoss) og Geir Gulliksen (Oslo). I tillegg blir det møte med den biograferte Kim Friele på Gol.

Ein kan òg besøkje bibliotekvogna på toget. Ho er utstyrt i samarbeid med Deichmanske bibliotek, og her kan ein kose seg og bli kjend med nye bøker og forfattarar. Mange av Kronprinsessas eigne favorittbøker blir òg å finne om bord i Kongevogna.

#minbok

Under dei tidlegare togturane har det vore stor aktivitet i sosiale medium. Mange har delt sine favorittbøker på Facebook, Twitter og Instagram med taggen #minbok. Vi håpar mange vil komme med sine anbefalingar denne gongen òg.

Kronprinsessa inviterer til ein brei samtale om litteratur og lesing i sosiale medium.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook