Hopp til hovedinnhold

Håp for havet?

DD.HH.KK. Kronprinsen og Kronprinsessa besøkte Norsk Maritimt Museum på Bygdøy i dag. Der fekk dei gode tips frå barn som er opptekne av å redde havet vårt frå mikroplast.

04.05.2016

Utstillinga "Håp for Havet?" opnar 7. mai. Familiar som besøkjer utstillinga denne våren, vil få sjansen til å lære meir om plastforsøplinga i havet. Blant anna gjennom praktiske oppgåver vil dei som besøkjer utstillinga, kunne auke kunnskapen sin om eit av dei store miljøproblema i vår tid.

Fyrtårn av søppel

Opninga av utstillinga skjer same dag som årets strandryddedag. Kronprinsparet har fleire gonger delteke på strandrydding på ulike stader i Noreg og trekt fram strandrydding som ein konkret aktivitet familiar og skolar kan gjere for å vere med å redde livet i havet. 

I dag fekk Kronprinsparet, saman med 6.-klassingar frå klasse 6B på Refstad skole, vere med på å montere plastdelar på kunstnar Solveig Egelands installasjon "Fyrtårnet" som står utanfor museet. Tårnet er bygd av plastsøppel, fiskegarn, gummistøvlar, drivved og fleire andre typar søppel som er funne langs kysten og i havet. Tårnet skal minne alle besøkjande om forsøplinga som truar verdshava våre. Saman med barna laga Kronprinsparet òg ein draumefangar av søppel som skal henge inne i fyrtårnet.

Praktiske oppgåver

Norsk Maritimt Museum er Havets Museum. Derfor vil museet gjerne bidra til å skape kunnskap om marin forsøpling. Utstillinga går føre seg ikkje berre utanfor museet, men har òg si eiga avdeling innandørs. Inne kan barna auke kunnskapen sin om plastforsøpling gjennom praktiske oppgåver. Blant anna får dei sjansen til å forske på kvar plasten kjem frå, og kva som skjer når han hamnar i havet.

Kronprinsesse Mette-Marit snakka med barna om kva som skjer når vi får for mykje mikroplast i havet vårt, og kva som skjer når fisken får denne plasten med miljøgiftene sine i magen.

Barna kunne fortelje Kronprinsessa om kvar mikroplasten kjem frå, som for eksempel kleda våre. Barna viste fram prøver av fleeceklede og kunne fortelje at når vi vaskar fleecejakka vår, renn det mikroskopiske bitar av plast ut i havet. Dei snakka òg om kva som skjer med dyrelivet i havet, og korleis både fuglar og fisk døyr – anten fordi dei et plast dei trur er mat, eller fordi dei set seg fast i søppel.

Utstillinga varer frå 7. mai og fram til 31. januar neste år.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook