Hopp til hovedinnhold

- Glasset fortryller!

I kveld opna Hennar Majestet Dronninga utstillinga "Smakebiter" på Oscarshall. Det er smakebitar frå Dronningas eiga samling av kunstglas som blir viste fram.

12.05.2016

- Min private samling består av glass av alle slag; det er serier og unica, bruksglass og gjenstander som først og fremst er valgt for sin skjønnhet og egenart. (...) Jeg har fulgt hjertets valg – også som samler av glass. Jeg har latt meg lede av min intuisjon og glede ved gjenstander som har skjønnhet og særpreg.

Den Høgvørde Kronprinsessa, Prinsesse Astrid, fru Ferner og Ari Behn var blant gjestene på Oscarshall, og Dronninga viste sjølv rundt i utstillinga.

Den kjende glaskunstnaren Ulla-Mari Brantenberg har delteke som kurator, og gruppa "Draup" stod for det musikalske innslaget under opninga – med spel på glas.

Dronningas samling

Dronning Sonjas samling av kunstglas dekkjer ein periode på drygt 40 år, frå 1970-åra til i dag. Det skjedde mykje innan glas i desse åra. I 1960- og 1970-åra vart alt kunstglas laga på dei store glasverka der designarar teikna og glasblåsarar utførte det designaren ønskte. I dag er det dei små studioglashyttene som er tonegjevande når det gjeld kunstglas.

Studioglasrørsla oppstod i USA i byrjinga av 1960-åra. Føresetnaden var at det vart funne opp ein liten gassdriven smelteomn som kunne bli betent av éin person. Dermed behøvde ikkje kunstnaren gå vegen om ein glasblåsar for å få verkeleggjort ideane sine. Studioglasrørsla spreidde seg raskt over heile den vestlege verda. I 1978 oppretta Ulla-Mari Brantenberg og Karen Klim den første studioglashytta i Noreg.

Denne utstillinga viser arbeid av både studioglaskunstnarar, glasdesignarar og nokre som kombinerer dei to rollene. Benny Motzfeldts glas er eit tyngdepunkt i samlinga.

- Det funkler mange kjente navn i samlingen, sa Dronninga i opningstalen sin, – mange av kunstnerne er tilstede her i kveld – men Benny Motzfeldt lyser med egen glans.  

Sommarsesong på Oscarshall

"Smakebiter" er sommarens utstilling på Galleri Dronning Joséphine og Oscarshall, som har sesongopning for publikum i morgon, fredag. Utstillinga varer til slutten av august.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook