Hopp til hovedinnhold

Deltok i bibelmaraton

H.K.H. Kronprinsessa las frå salme 71 i høve 200-årsdagen til Det Norske Bibelselskap i dag. Heile Bibelen blir lesen frå perm til perm i løpet av dei fire dagane Bibelfestivalen varer.

26.05.2016

I dag starta festivalen som markerer Bibelselskapets 200-årsjubileum. Heile Bibelen vil bli lesen høgt i løpet av Bibelfestivalen – midt i Noregs travlaste handlegate.

Frå Genesis til Johannes’ openberring

Maratonen starta klokka 9.00 i dag tidleg. Kronprinsesse Mette-Marit tok sin etappe da festivalen starta i føremiddag, ved å lese vers 1–9 frå Salme 71. Høgtlesinga vil bli avslutta med Johannes’ openberring i Domkyrkja søndag kveld klokka 19.00.

Ei rekkje markeringar

Opningsarrangementet "Bibelen – boken som formet vår kultur" blir òg halde i Oslo domkyrkje torsdag, nøyaktig 200 år etter at Det Norske Bibelselskap vart stifta i nettopp dette lokalet – den gongen under namnet Vår Frelsers Kirke.

Fram til søndag vil det òg vere ei rekkje andre markeringar av Bibelselskapets 200-årsdag, blant anna bibelquiz, "Bibelen på 200 minutt" og humorframsyninga "Bibel og babbel" på Latter.

Den første bibelomsetjinga til norsk i regi av Bibelselskapet vart utgjeven i 1904. I dag finst det omtrent 1,3 biblar per person i Noreg.

Hans Majestet Kongen er Det Norske Bibelselskaps høge beskyttar.

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook