Jubileumsparken 2016
I høve 25-årsjubileet til Kongeparet er det ekstra mykje å sjå og gjere i Slottsparken i sommar. Opninga av Jubileumsparken vart markert i dag.
I høve 25-årsjubileet til Kongeparet er det ekstra mykje å sjå og gjere i Slottsparken i sommar. Opninga av Jubileumsparken vart markert i dag.
Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga tok parken i augesyn i dag, da barnebarna planta jubileumstre i Dronningparken. Det nye tilskotet til trebestanden i parken er seks rognetre. Fire vart planta i dag, mens Marius og Maud sette sine i jorda alt på fredag.
Insekthotell
Oslos jubileumsgåve til Kongeparet er eit insekthotell. Det er forma som kjempestore kantarellar laga av fletta pil. Den største er over tre meter høg og har eit «trompetspenn» på 3,60 meter. Insektsbustadene er bygde inn i det smale partiet på soppane, og her kan insekta leggje egga sine.
Både bier og andre insekt slit med å finne stader å leggje egga sine, spesielt i urbane strøk, etter kvart som naturlige bustader som død ved og hole tre blir mangelvare. Dette hotellet vil bidra til det biologiske mangfaldet i parken.
Oslo-ordførar Marianne Borgen overrekte gåva saman med kunstnaren Tom Hare. Briten er kjend for dei vakre skulpturane sine i fletta plantemateriale, som òg er å sjå i Botanisk hage på Tøyen.
Aktivitetar i Jubileumsparken
Det er mange aktivitetar i Slottsparken i sommar. Det blir leselysthus og bokbytte, utstilling av historiske fotografi og informasjonspaviljongar langs Bredvegen, boulebane og belgplantebed. Den Norske Turistforening har hytter i parken, bemanna fleire dagar i veka, og Kongens Garde inviterer på både drilloppvisning og aktivitetsdagar.
Følg peikarane til høgre for fleire detaljar.
Aktuelle saker
Utnevnelse til St. Olavs Orden
Hans Majestet Kongen har utnevnt lege, programleder og artist Trond-Viggo Torgersen, Bergen, til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.
Dugnadsdykk i Tromsø
Den Høgvørde Kronprinsen møtte dugnadsdykkarar frå Tarevoktere og følgde deira arbeid med å fjerne kråkebollar og atterreise tareskog – eit av jordas viktigaste økosystem.