Heming 100 år
Idrettslaget Heming gav seg sjølv eit nytt klubbhus i 100-årsgåve. H.K.H. Kronprinsen deltok under opninga i dag.
Seremonien vart halden ved det nye klubbhuset på Slemdal i Oslo, der unge og gamle Heming-medlemmer var samla. Femten av dei yngre medlemmene klipte snora som offisielt opna klubbhuset, med Kronprinsen og Erik Lae Solberg som "snorhaldarar".
Det har teke 15 månader å få det 1000 kvadratmeter store bygget ferdig, der midla har komme både frå det offentlege og gjennom dugnadsaktivitetar som kakesal.
Eit av Noregs største
IL Heming vart stifta 25. januar 1916 i bydel Vestre Aker i Oslo. I dag er Heming eit av Noregs største fleiridrettslag med sine 5500 medlemmer, 8 idrettsavdelingar, 33 heiltidstilsette og eiga klubbavis. Hennar Majestet Dronninga er æresmedlem i klubben, og fleire i Kongefamilien har vore aktive medlemmer.
Heming All Stars
Etter opninga vanka det omvising, følgd av ein «Heming All Stars»-kamp på kunstgrasbanen utanfor. Der deltok langrennsførebiletet Astrid Uhrenholdt Jacobsen, kombinertløpar Jarl Magnus Riiber, skicrossprofilane Christian Mithassel og Marius Heje Mæhle, og dessutan alpintalentet Kaja Norbye.
Heming skal òg gje ut jubileumsbok i høve 100-årsmarkeringa.
Aktuelle saker
Dugnadsdykk i Tromsø
Den Høgvørde Kronprinsen møtte dugnadsdykkarar frå Tarevoktere og følgde deira arbeid med å fjerne kråkebollar og atterreise tareskog – eit av jordas viktigaste økosystem.
Samarbeid i Seattle
- Gjennom århundrene har millioner av mennesker tatt med seg sine håp og drømmer til USA. Noen har kommet for å oppleve et eventyr, andre for å klare å overleve eller for å forbedre livet for seg selv og sin familie, sa Kronprinsen da han innledet besøket til Seattle.