Musikklunsj på Skaugum
Kronprinsparet inviterte til arbeidslunsj og brainstorming onsdag for å diskutere korleis norsk musikknæring skal møte morgondagens utfordringar.
Representantar for tjue norske musikkverksemder var til stades under arbeidssamlinga, som vart arrangert i samarbeid med Music Norway, Buzzfond AS og Kunnskapsverket. Hovudtemaa for onsdagens møte på Skaugum var utvikling av norsk musikknæring og tilrettelegging for eksport, tema som Kronprinsparet jobbar for å fremje.
Den norske musikkbransjen er inne i ei svært spennande tid og jobbar for å ta nye steg ut i verda. Kronprinsparet ønskjer å vere med på å løfte fram denne satsinga.
Alle inviterte har vore ein del av forskingsprosjektet «Virkemidler for kulturelle næringer – rekkevidde og presisjon». Her har Anders Rykkja, dagleg leder i Norske festivaler og Kunnskapsverket, intervjua fagfolk i bransjen for å kartleggje erfaringar, behov og dei moglegheitene det norske musikklivet står framfor.
Oppfordra til sjølvransaking
Kva bør vere bransjens motivasjon? I gjennomgangen sin av forskinga trekte Rykkja fram at sjølve artistutviklinga kom på fjerdeplass blant musikkbransjens drivkrefter for utvikling av eigne verksemder, slått av blant anna dialog med andre kollegaer og arbeid med marknadstilpassing. I tillegg danna ei rekkje andre tema grunnlag for onsdagens diskusjonar:
- Korleis kan tilskotsordningar best fungere?
- Skal dei dei mest vellykka satsingane premierast ekstra?
- Og korleis vil det påverke resten av bransjen?
Etter diskusjonar i grupper og i plenum avslutta Moddi seansen på Skaugum med eit musikalsk innslag.
Les meir om prosjektet i peikaren til høgre. Den endelige sluttrapporten er venta rundt årsskiftet.
Aktuelle saker

For kvinners helse i 125 år
I dag markerer Norske Kvinners Sanitetsforening sin 125-årsdag. Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsesse Mette-Marit sendte en digital hilsen til Sanitetskvinnene.

Møtte unge dyslektikere
Omtrent fem prosent har dysleksi, og like mange har dyskalkuli og spesifikke språkvansker. Fire unge med lærevansker fortalte i dag Hans Kongelige Høyhet Kronprinsregenten om sine utfordringer.