Hopp til hovedinnhold

Nummer 2 i Sira Cup

Hans Majestet Kongen og resten av mannskapet på «Sira» segla inn til ein samla 2. plass blant dei klassiske båtane som deltok i VM for 8-meterar i Toronto.

29.08.2016

Den siste veka har VM for 8-meterar gått av stabelen på Lake Ontario utanfor Toronto i Canada. Meisterskapen vart avslutta i helga, og det var den nederlandske båten Hollandia som gjekk av med sigeren samanlagt.

Sira Cup

Dei klassiske båtane som deltek – båtar bygde før 1968 – kan som regel ikkje måle seg med dei moderne, men konkurrerer seg imellom om Sira Cup. Trofeet vart etablert av Kong Olav under VM på Hankø i 1983, og det er nettopp Kong Olavs «Sira» som Kong Harald og mannskapet har segla denne veka. Båten vart bygd i 1937–38 og restaurert før VM i 2008. Den gongen henta «Sira» trofeet heim.

I år gjekk Sira Cup til canadiske Bangalore, med «Sira» på 2. plass. Når det blir segla VM for 8-meterar i 2017, skjer det igjen på Hankø. Det er venta stor deltaking i det året seglarkongen fyller 80 år.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook