Hopp til hovedinnhold

Barnebokfestival i Oslo

Dei neste dagane er det duka for Barnebokfestival i Oslo med over 60 programpostar for barn i alle aldrar. H.K.H. Kronprinsen opna festivalen i dag, saman med Pia og Araz frå Lakkegata skole.

15.09.2016

Det er bokbransjen sjølv som står bak festivalen, som reknar med å trekkje meir enn 5000 barn og unge med det mangfaldige programmet sitt. Forlagsbransjen kallar norsk barne- og ungdomslitteratur sprelsk, nyskapande og mangfaldig, og meir ein 60 ulike arrangement står på festivalprogrammet.

Målet med festivalen er å gje barneboka eit løft og å vise den store breidda vi har innan sjangeren i Noreg. Dagens arrangement vart ein god start på dette.

Opna festivalen frå scenen

200 skolebarn sat alt spente i salen da Kronprins Haakon kom til kantina hos Cappelen Damm i formiddag. Forfattarane Nina Elisabeth Grøntvedt og Bjørn Ingvaldsen las frå bøkene sine. Begge er nominerte til Bokslukerprisen – ein nasjonal leselystaksjon i regi av foreininga !les der meir enn 25 000 elevar i barneskolen deltek og stemmer fram sine favorittar. To av desse elevane, Pia og Araz frå Lakkegata skole, fortalde frå scenen om korleis det hadde vore å vere med i juryen, og litt om korleis prosjektet hadde fått fleire elevar ved skolen til å lese bøker.

Så vart Kronprinsen invitert opp på scenen for å opne festivalen saman med Pia og Araz. Saman opna dei sløyfa rundt ei kjempeutgåve av festivalprogrammet, samtidig som det vart avfyrt konfettikanonar med konfetti i alskens fargar.

Dermed var festivalen opna, og det til jubel frå salen.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook