Hopp til hovedinnhold

Wilhelm Mohr bisett

I dag vart Wilhelm Mohr bisett frå Uranienborg kyrkje i Oslo. H.K.H. Kronprinsen og Prinsesse Astrid, fru Ferner var blant dei mange som ville vise krigsveteranen den siste ære.

07.10.2016

Mange var møtte fram i Uranienborg kyrkje i dag. Både statsminister Erna Solberg og forsvarsminister Ine Eriksen Søreide var til stades. Forsvaret – og ikkje minst Luftforsvaret – var naturlegvis òg tydeleg til stades.

Statsminister Erna Solberg heldt minneord over Wilhelm Mohr. Det gjorde òg sjefen for Forsvarsstaben, generalløytnant Erik Gustavson.

Schuberts Ave Maria avslutta seremonien inne i kyrkja. Fire jagarfly passerte over i såkalla missing man-formasjon da Mohrs kiste vart boren ut av kyrkja. Eitt av flya braut formasjonen og flaug bort: Ein soldat har falle.

Stor krigsinnsats

Wilhelm Mohr var flygar og deltok i ei lang rekkje offensive oppdrag, først i kampen om Noreg i 1940 – seinare blant anna over Frankrike og Den engelske kanalen. Han var med på å byggje opp "Little Norway" – den norske flybasen i Canada – der han òg dreiv opplæring av andre flygarar. I 1941 tok han del i etableringa av den norske 331-skvadronen.

Etter krigen heldt Wilhelm Mohr fram i Luftforsvaret og tenestegjorde ein periode òg som adjutant for Kong Haakon VII. Etter kvart vart han stabssjef i Luftforsvarets overkommando, sjef for Luftforsvaret (1963–1969) og direktør ved Forsvarets høgskole.  Mellom 1977 og 1989 var han formann i Flyhavarikommisjonen.

Høgt dekorert

Wilhelm Mohr var innehavar av ei rekkje medaljar og ordenar, både norske og utanlandske. Han fekk Krigskorset med sverd for innsatsen sin under den andre verdskrigen "for med mot og plikttroskap å ha ledet norske flygeavdelinger, og for personlig innsats under operasjoner gjennem lengere tid".

Krigskorset med sverd er Norges høgaste utmerking.
Wilhelm Mohr vart 99 år gammal.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook