Hopp til hovedinnhold

- Er dronningen heime og koker middag?

Over 28 000 menneske har besøkt DNTs turisthytter i Slottsparken i sommar. I dag fekk H.M. Dronninga overrekt hyttebøkene, fulle av helsingar frå små og store parkgjester.

25.10.2016

DNT-hyttene Hovinkoia og Skåpet vart plasserte ut i det som i sommar vart kalla Jubileumsparken i samband med 25-årsmarkeringa til Kongeparet. 28 500 personar var innom hyttene over 17 helger – frå 13. juni til 4. september. Mange av dei skreiv seg inn i hyttebøkene, og i dag vart helsingar frå inn- og utland overleverte av styreleiar Berit Kjøll og generalsekretær Nils Øveraas.

«Hei til Kongen og Dronninga. Gabriel på 3 år lurte på om du var heime og kokte middag?» skriv ein.

Utover hyggelege beskjedar til Kongen og Dronninga tyder meldingane på at hyttene har inspirert turgleda blant dei besøkjande:

«Greetings from Minnesota. We love these huts and look forward to planning a Norwegian hiking tour», skriv ein annan.

Publikum som ikkje rakk innom i sommar, kan sjå Hovinkoia på Norsk Folkemuseum i Oslo. Ho er ei av dei eldste DNT-hyttene og har stått modell for mange andre rundt om i landet. Skåpet, som er ein heilt ny modell, blir etter kvart å finne ved Lysefjorden i Rogaland.

Takk for besøket!'

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook