Møtte innovasjonsmiljøet i Stavanger
Gründerånda er sterk i Rogaland. I dag fekk H.K.H. Kronprins Haakon møte delar av innovasjonsmiljøet i Stavanger-området.
Kronprinsen innleidde besøket sitt på Forus utanfor oljehovudstaden. Sidan oppstarten i fjor har Creator Makerspace tilbode ein felles arbeids- og møteplass for gründerar for å kople innovasjonsmiljøet nærare til industrien.
Syklar og straumsparing
Kronprinsen fekk ei omvising i inkubatoren og dessutan ein presentasjon av selskapet Smart Plants av leiar Sjur Usken. Smart Plants jobbar med å gjere næringsbygg sjølvdrivne, blant anna ved å samle data frå sensorar for å effektivisere straumforbruket. Seinast i oktober vann selskapet «Angel Challenge»-konkurransen i Stavanger. Her kjempa ulike startups om ei investering på over 1 million kroner.
Undervegs vart det òg møte med Bolder, eit selskap som fordjupar seg i virtuell røyndom, og dessutan med menneska bak Podbike – ein elsykkel med tak som får deg dit du skal ved å bruke berre 1 % av energien som ein bil bruker.
Treffest igjen i Finland
I slutten av november reiser Kronprinsen til Helsinki i Finland, der over 15 000 deltakarar og 1600 oppstartsselskap vil vere til stades på innovasjonskonferansen Slush til idémyldring, promotering og nettverksbygging.
Det vil òg ei rekkje selskap frå Stavanger-området. Hos Innovation Dock, ein av Noregs største samlingsstader for gründerar med sine 3000 kvadratmeter, møttest nokre av desse bedriftene for å drøfte tankar og erfaringar før avreisa saman med Kronprinsen. Nils-Henrik Stokke frå Nettverk Stavanger gav òg tilhøyrarane ein presentasjon av utviklinga av gründermiljøet i regionen.
Kronprinsen lét seg imponere av det han fekk sjå.
– Inntrykket mitt er at det boblar i innovasjonsmiljøet i Stavanger. Det er kjempegøy å få eit tydelegare bilete av kva de driv med. Det at de kjem saman og samarbeider, trur eg er noko av nøkkelen for å lykkast, sa han ved slutten av dagen.
Les meir om Slush-konferansen i peikaren til høgre.
Aktuelle saker

Møtte unge dyslektikere
Omtrent fem prosent har dysleksi, og like mange har dyskalkuli og spesifikke språkvansker. Fire unge med lærevansker fortalte i dag Hans Kongelige Høyhet Kronprinsregenten om sine utfordringer.

Utnevnelse til St. Olavs Orden
H.M. Kongen har utnevnt professor emeritus Trond Hans Farner Kverno, Bodø, til Ridder 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.