Hopp til hovedinnhold

"Dersom eg måtte flykte ..."

H.K.H. Kronprinsessa opna UNICEFs teikneutstilling «Dersom eg måtte flykte» i dag. Her har skoleelevar levd seg inn i flyktningars liv.

13.12.2016

Den nasjonale teikne- og skrivekonkurransen blir arrangert for barn på 5.–7. trinn. Oppgåva til elevane har vore å teikne det dei ville sakne mest dersom dei måtte flykte heimanfrå, og skrive ei grunngjeving på baksida av teikninga. Ein vinnar frå kvart av dei 19 fylka i landet vart kåra av ein jury, før tre hovudvinnarar vart peika ut til slutt.

– Tusen takk for at de ville ha utstillinga dykkar her hos oss i rådhuset. Alle har gjort ein god jobb med å reflektere over oppgåva. Ei slik oppgåve trur eg dei vaksne ville hatt godt av òg, sa ordførar i Oslo Marianne Borgen.

Familien i sentrum

Kristina Mølsæter frå 7. klasse på Flekkerøy skole i Vest-Agder gjekk av med sigeren i teiknekonkurransen. I teikninga si av kva ho hadde sakna mest dersom ho måtte flykte, har ho vigd plass til bestevennen sin, familien og den norske naturen.

Odin Johan Jakobsen Sylte frå Tresfjord oppvekstsenter i Møre og Romsdal kom på andreplass, mens Michelle Ly frå Hebekk skole i Akershus kom på tredje. Trioen fekk diplom av Kronprinsessa under seremonien, før Kronprinsesse Mette-Marit sjølv fekk ei omvising i utstillinga.

Ho lét seg imponere av dei innsende bidraga og fortalde om sine eigne møte med barn på flukt, blant anna i Zaatari-leiren i Jordan. Merete Agerbak-Jensen frå UNICEF lurte også på kva Kronprinsessen sjølv ville sakna om ho var i ein slik situasjon.

– Eg ville sakna mykje av det vi ser på teikningane i dag. Familien min, vennene mine, heimen vår. Dei nære tinga, sa Kronprinsessen.

Undervegs i programmet bidrog Ylvis-brørne med songnummer. Duoen, som òg har sete i juryen, spelte opp til allsong med den såkalla «Verdsreglesongen», og dessutan den velkjende «The Fox».

Vil utvikle empati hos dei unge

Konkurransen er eit samarbeid mellom UNICEF Noreg, Det Internasjonale Barnekunstmuseet og Aftenposten Junior. Teikneoppgåvene er òg ein del av UNICEFs undervisningsopplegg «Barn på flukt», som kombinerer læringsmål innan kunst og handverk, samfunnsfag, norsk, KRLE og matematikk.

Formålet er å utvikle empati og forståing for barn i ein vanskeleg livssituasjon.

Over 4000 bidrag vart sende inn til konkurransen. Over halvparten av dei hadde familien som tema, følgt av hus/heim og venner. Sjå vinnarteikninga i biletgalleriet.

Utstillinga står i Oslo rådhus til 17. desember.

 

 

 

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook