Hopp til hovedinnhold

Oslo Life Science

Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsessen var til stede ved åpningen av konferansen Oslo Life Science i Universitetets Aula i Oslo i formiddag.

16.02.2017

Oslo Life Science er ein årleg møteplass for alle som er interesserte i forsking og utdanning, innovasjon, næringsliv og politikk innan livsvitskap. Kronprinsessa vart motteken av rektor ved Universitetet i Oslo, Ole Petter Ottersen, som òg stod for den offisielle opninga.

Forskingsfronten

Det er andre år på rad at Oslo Life Science blir arrangert, og det er den største tverrfaglege satsinga til Universitetet i Oslo. Konferanseprogrammet var tettpakka med eksempel på kva som skjer i forskingsfronten innan diagnostikk og behandling av kreft og infeksjonssjukdommar og dessutan handtering av antibiotikaresistens.

Planlegg eige bygg

Deltakarane fekk òg høyre om ulike nasjonale og internasjonale initiativ som legg til rette for auka innovasjon og næringsutvikling innan livsvitskap. Suksessfaktorar for å etablere eit nordisk kraftsenter for livsvitskap i Oslo var eit gjennomgåande tema. Det planlagde livsvitskapsbygget ved Universitetet i Oslo er ei sentral brikke i dette. Auka verdiskaping og internasjonal konkurransekraft innan livsvitskap er eit av dei viktigaste måla med bygget.

 

 

Fakta

Instagram

Kongehuset har offisiell konto på Instagram. Der kan du finne bilder fra Kongefamiliens mange oppdrag og møter med mennesker rundt om i landet vårt.

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook