Hopp til hovedinnhold

I audiens hos Kronprinsen

H.K.H. Kronprins Haakon tok imot sju av beskyttarskapa sine i audiens i dag. For første gong var Flyktninghjelpa eitt av dei.

01.03.2017

Kongelege beskyttarskap har ein lang historisk tradisjon. I riktig gamle dagar kunne det dreie seg om faktisk, fysisk vern i form av livvakter eller eit vernebrev frå ein konge eller fyrste. I dag fungerer ordninga som ei anerkjenning av organisasjonar og arrangement innanfor viktige område av samfunnslivet.

Nytt beskyttarskap: Flyktninghjelpa

Det er ikkje lenge sidan Kronprinsen sa ja til å bli beskyttar for Flyktninghjelpa, og i dag kunne han ta imot dei på kontoret sitt på Slottet.

Flyktninghjelpa er ein norsk humanitær organisasjon som jobbar for å støtte menneske på flukt i over 30 land med mat, husly, reint vatn, rettshjelp og utdanning. Organisasjonen har 5000 tilsette og er til stades i blant anna Afghanistan, Syria, Sør-Sudan og Colombia.

 
Flyktninghjelpa møtte sin beskyttar Kronprins Haakon i dag. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

 

Representantar for seks andre organisasjonar Kronprinsen er beskyttar for, kom òg i audiens i dag:

  • Stiftelsen Christian Radich
    Formålet til stiftelsen er å bevare Christian Radich for framtidige generasjonar gjennom aktiv drift. Christian Radich skal primært drive som skoleskip. I tillegg skal skipet kunne nyttast til andre formål, som segltokt og charter, og kunne tene som representant for sjøfartsnasjonen Noreg

  • Den norske filmfestivalen
    Filmfestivalen ser det som si oppgåve å fremje filmkunsten og marknadsføre norske og internasjonale filmar, vere den leiande møtestaden for norsk og nordisk filmbransje og vere ein arena for drøfting av faglege og kulturpolitiske spørsmål.

  • Ibsenfestivalen
    Gjennom spennande framsyningar, samtalar, kunstnarmøte, barnearrangement og mykje meir gjev Ibsenfestivalen oss ulike blikk på Ibsen, mennesket og samfunnet. Programmet består av nye produksjonar av høg kunstnarleg kvalitet – på fleire språk. Ikkje minst er Ibsenfestivalen staden der våre eigne kunstnarar viser verda kva den norske teaterscenen kan by på.

  • 4H
    4H Noreg er ein landsomfattande, ideell barne- og ungdomsorganisasjon som er livssynsnøytral og partipolitisk uavhengig. Formålet er å utvikle ein aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske.

  • Nordland Musikkfestuke
    Rundt 25 000 menneske finn vegen til eit arrangement i regi av Nordland Musikkfestuke under dei ti dagane festivalen varer i veke 32 kvart år. Det gjer festivalen til ein av dei viktigaste formidlarane av klassisk musikk i landsdelen og ein av dei største festivalane i landet.  Målet er å gjere klassisk musikk tilgjengeleg for alle og invitere til musikalske arenaer som senkar terskelen for nye kulturopplevingar.

  • Ultima
    Utfordrande, spennande og opplysande: Ultima feirar samtidsmusikk i hjartet av Oslo. Det rike mangfaldet av nyskapande musikk kan opplevast på arenaer over heile byen. Med eit program som strekkjer seg over ti dagar og meir enn 50 arrangement innandørs og utandørs, inkludert konsertar, danseframsyningar, kunstinstallasjonar, filmvisingar, foredrag og panel, byr Ultima på opplevingar for store og små, for kjennarar og for dei musikalsk nysgjerrige.

 

Audiens med representantar for Ultima. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet




Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook