Hopp til hovedinnhold

Barn og unge i sentrum i Vennesla

Vennesla skulekorps spelte opp da Hans Majestet Kong Harald kom på sitt første offisielle besøk til sørlandskommunen i ettermiddag.

24.04.2017

Åtte år gamle Mari Bransdal frå Kvarstein skule venta spent på å gje Kongen blomster. Det hadde vore loddtrekking om kven som skulle få lov til å vere blomsterbarn.

«Barn og unge» var temaet for besøket i Vennesla, og skule- og barnehagebarna i bygda stod med norske flagg langs ruta Kongen og ordførar Torhild Bransdal gjekk frå Øvre Torv til kulturhuset, der ordføraren inviterte til lunsj. Under måltidet song barn frå Smååsane barnehage Venneslasangen saman med Jannicke Usterud, og Filip Bråthen Hansen spelte fiolin.


Foto: Reidar Kollstad, Fædrelandsvennen


Gje ungdommen sjølvtillit

Etter lunsjen besøkte Kong Harald Moonlight kulturskule, der han fekk ei orientering om kommunens arbeid med barn og unge. Satsinga på eit inkluderande læringsmiljø vart presentert av Steinar Harbo saman med elevar ved Vennesla ungdomsskule.

Raymond Bærø fortalde Kongen om Moonlight og Venneslamodellen. Hovudmålet med Moonlight Vennesla er å gje ungdom auka sjølvtillit. Staden skal vere eit alternativ for ungdom som ikkje er med i organiserte aktivitetar, der dei kan samlast i trygge omgjevnader. Moonlight skal vere ein stad der ungdommen blir sett for ressursane sine, og der dei unge sjølve kan vere med og bestemme.

"Venneslamodellen" er resultatet av eit Leonardo-prosjekt Vennesla vidaregåande skule sette i gang for mange år sidan. Det er kalla "Dropout back on the Track". Det er etablert eit tett samarbeid på tvers av etatar, skule, politi, helsesøster og fritidsklubb – noko som har vist seg å vere svært vellykka i det kriminalitetsførebyggjande arbeidet.



Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook