"Underveis" på KODE i Bergen
I kveld opnar Hennar Majestet Dronningas utstilling "Underveis" på KODE 1 i Bergen. Utstillinga omfattar grafikk og keramiske arbeid, i tillegg til verk frå den private samlinga til Dronninga.
Dette er den første separatutstillinga Dronninga har i eit større museum og er ei forteljing om kva kunst har å seie i livet til menneska, da spesielt i Dronningas eige.
Bileta til Dronninga tek utgangspunkt i hennar eigne fotografi av former i naturen. Motiva blir arbeidde vidare med og abstraherte i grafikkverkstaden, ein stad for utprøving av nye moglegheiter. Hovudinteressa ligg i det å undersøkje farge, stofflegheit og lysverknader. Ei stadig utforsking der Dronninga framleis er "undervegs".
I høve utstillinga har Dronning Sonja medverka til ein film som viser korleis grafikk blir til – nærare bestemt eit av verka som no er på utstilling i Bergen. Filmen kan du sjå her – og i utstillinga på KODE.
Utstillinga viser både nyare grafikk og keramiske verk, i tillegg til eit utval verk frå Dronningas eiga kunstsamling. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
Dronninga er sjølvsagt til stades under opninga i kveld, og det er òg Prinsesse Märtha Louise.
Livslangt engasjement
Gjennom det meste av livet har Dronninga hatt eit lidenskapeleg forhold til kunst og kultur. Ho har formidla norsk kunst og design på tallause offisielle oppdrag i inn- og utland og støtta opp om biletkunst og kunsthandverk i eigenskap av samlar. Sidan 1990-talet har Dronninga òg sjølv skapt grafikk og keramikk, og i 2011 vart ein stor draum realisert med etableringa av ein eigen pris for talent innan grafikk: Queen Sonja Print Award.
"Underveis" er eit samarbeid mellom KODE og Det kongelege slottet og er òg ei kunstnarleg markering av 80-årsjubileet til Dronninga.
Aktuelle saker

Industribygda Glomfjord
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsregenten besøkte denne uken Statkraft og deres kraftverk i Glomfjord.

Orientering om kunstig intelligens og valgpåvirkning
Kronprinsregenten fikk orientering om kunstig intelligens (KI) og hvordan teknologien kan påvirke valgprosesser. Niels Schia og Bente Kalsnes, medlemmer av regjeringens ekspertgruppe, presenterte hovedfunnene fra rapporten om KI og valgpåvirkning.