Hopp til hovedinnhold

Global Dignity veks

I dag er Global Dignity-leiarar frå over 20 land samla på Skaugum. Det har skjedd mykje i året som har gått.

01.06.2017

I over ti år har organisasjonen arbeidd for at verdigheit skal vere eit fundament i alt arbeid og all samhandling mellom menneske – anten det er på store, internasjonale arenaer eller i små miljø, i livet til dei enkelte.

Det er mykje som har skjedd i året som har gått:

  • I fjor deltok 79 land i Global Dignity Day-aktivitetar rundt omkring i verda.
  • 500 000 elevar vart engasjerte i samtalar om verdigheit.
  • Organisasjonen fekk nytt og utvida styre.
  • Den første daglege leiaren vart tilsett.
  • Det internasjonale kontoret vart opna i New York City.



Dette er det 7. årlege Global Dignity-møtet på Skaugum. Foto: Global Dignity


I 2016 vedtok styret å avvikle drifta til Global Dignity Noreg, men internasjonalt er organisasjonen i vekst. Kronprins Haakon har ei aktiv rolle som rådgjevar og mentor.

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook