Aqua Nor i Trondheim
H.K.H. Kronprinsen var til stades ved den offisielle opninga av akvakulturmessa Aqua Nor 2017 tysdag. Sjølve opninga vart gjord av fiskeriminister Per Sandberg.
Aqua Nor har sidan 1979 vore ein viktig internasjonal møtestad for akvakulturnæringa og er i dag verdas største messe for akvakulturteknologi. I løpet av dei dagane messa varer, er det venta meir enn 25 000 besøkjande.
– Aqua Nor er viktig for Trondheim, regionen, Noreg og for heile verda, sa Trondheims-ordførar Rita Ottervik da ho ønskte messedeltakarane velkommen til byen. Ho la til at Trondheim har ein leiande internasjonal posisjon innan akvakultur, og understreka at det skal byen ha i framtida òg.
Berekraftig
Statsråd Per Sandberg var i opningstalen sin oppteken av at havbruksnæringa må vere berekraftig, slik at ein ikkje overbeskattar bestandane. Statsråden overrekte òg Aqua Nors innovasjonspris til det skotske firmaet Ace Aquatec. Dei har utvikla ein teknologi som ved hjelp av elektriske støytar bedøver fisk og gjer den bevisstlaus før den forlèt vatnet.
– Vi såg at oppdrettarar måtte gjere kompromiss på effektivitet og human bedøving. Vårt system bedøver 100 % av fisken, kvar gong. Det bedøver òg fisken i sjøvatn, slik at dei ikkje blir stressa før dei blir bevisstlause. Somme slaktemetodar gjer at fisk døyr over lengre tid – og vi ville forbetre denne prosessen for både havbruk og fiskebåtar, og for alle artar, inkludert skaldyr, seier adm.dir. Nathan Pyne-Carter.
Omvising
Under omvisinga på messa fekk Kronprins Haakon møte fleire av utstillarane, og han fekk sjå dei nyaste nyvinningane innan akvakulturteknologi. Avansert teknologi gjorde det òg mogleg for Kronprinsen å få oppleve korleis det er gå på havbotnen ved Midgard-feltet på Haltenbanken.
Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Besøket i Trondheim vart avslutta med lunsj i Erkebispegården.
Aktuelle saker
Utnevnelse til St. Olavs Orden
Hans Majestet Kongen har utnevnt lege, programleder og artist Trond-Viggo Torgersen, Bergen, til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.
Dugnadsdykk i Tromsø
Den Høgvørde Kronprinsen møtte dugnadsdykkarar frå Tarevoktere og følgde deira arbeid med å fjerne kråkebollar og atterreise tareskog – eit av jordas viktigaste økosystem.