Kongen besøkte NATO
Hans Majestet Kongen besøkte NATOs hovudkvarter i Norfolk (USA) torsdag, og i dag var Kongen gjest ved hovudbasen for spesialoperasjonar i det amerikanske forsvaret i Tampa.
Kongens besøk skjer etter ein invitasjon. Kort etter velkomstseremonien i Norfolk møtte Kongen den norske kontingenten som er tilknytt NATO-hovudkvarteret.
Under besøket fekk Kongen ei omvising på basen og fleire orienteringar om verksemda. Torsdag kveld var Kongen gjest ved ein middag som sjefen for hovudkvarteret, general Denis Mercier, heldt i høve besøket.
Kong Harald tok seg god tid til å helse på barna som hadde møtt fram ved hovudkvarteret. Foto: NATO
Besøkte spesialstyrkane
I føremiddag (lokal tid) besøkte Kongen basen til dei amerikanske spesialstyrkane (US SOCOM). Basen ligg ved Tampa i Florida, og Kong Harald vart motteken av øvstkommanderande ved basen, general Raymond A. Thomas III, og nestkommanderande generalløytnant Charles Brown. Under deira leiing fekk Kongen ei brei orientering om styrkane og verksemda ved basen.
Besøket ved US SOCOM vart avslutta med eit møte mellom Kongen og den norske kontingenten i Tampa.
Aktuelle saker

For kvinners helse i 125 år
I dag markerer Norske Kvinners Sanitetsforening sin 125-årsdag. Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsesse Mette-Marit sendte en digital hilsen til Sanitetskvinnene.

Møtte unge dyslektikere
Omtrent fem prosent har dysleksi, og like mange har dyskalkuli og spesifikke språkvansker. Fire unge med lærevansker fortalte i dag Hans Kongelige Høyhet Kronprinsregenten om sine utfordringer.