Hopp til hovedinnhold

Komponistforeininga 100 år

Hundre års innsats for norsk kulturliv må markerast, og i dag tok Den Høgvørde Kronprinsen del i feiringa av Norsk Komponistforening.

15.09.2017

Jubileet blir markert med konsertar og ulike arrangement over heile landet året igjennom. I Oslo går Ultimafestivalen av stabelen i desse dagar, og festivalen ville òg gjere ære på Komponistforeiningas innsats gjennom 100 år. I samarbeid med Music Norway inviterte dei derfor til mottaking på Sentralen i Oslo i dag.

Ultimafestivalen og Music Norway gjorde ære på Norsk Komponistforening med mottaking på Sentralen. Foto: Andreas Turau © 2017 Ultima 2017

 
Viktig pådrivar

Komponistforeininga har gjennom åra vore sentral i oppbygginga av både arenaer, institusjonar, foreiningar og møteplassar. Her er berre nokre eksempel på institusjonar som er skapte takka vere initiativ frå Komponistforeininga og enkeltmedlemmer hos dei:

  • TONO
  • Foreningen Ny musikk
  • Oslo Konserthus
  • Ultimafestivalen
  • Norsk Musikkinformasjon, som no er ein del av Music Norway

Ser framover

I jubileumsåret blir det lagt vekt på kunstnarleg nyskaping, mangfald og innovasjon, utforsking av verdien til det klingande verket i dag, auka bruk av norske verk, internasjonalt arbeid og talentutvikling.

Utvikling og eksport av norske talent er tema som òg Kronprinsparet er opptekne av. Norsk musikk har vorte løfta fram på fleire av reisene til Kronprinsparet i utlandet – seinast under det offisielle besøket til Canada i fjor. Der deltok Kronprinsparet på Music Norways arrangement om promotering av norsk musikk og kva norsk og kanadisk musikkbransje kan lære av kvarandre.

Kronprinsparet møtte òg fleire norske artistar under besøket i Canada, blant anna Aurora Aksnes og gruppa Lemaitre. Utvikling av nye talent og arbeid med barn og unge er viktig for Komponistforeininga og er eit felt som òg får ekstra merksemd i jubileumsåret.

Bli med på feiringa

Mottakinga i dag samla ei rekkje aktørar innanfor norsk musikkbransje. Fleire musikarar har òg teke initiativ til konsertar gjennom året. Stikk innom Komponistforeiningas aktivitetskalender (sjå lenkjelista) om du har lyst til å ta del i feiringa.



Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook