Hopp til hovedinnhold

Lærarvikar for TV-aksjonen

Årets TV-aksjon skal gje skolegang og håp til barn i krig og konflikt. H.K.H. Kronprins Haakon besøkte i dag klasse 6B ved Bossekop skole i Alta for å sjå kor mykje dei har lært om UNICEFs arbeid.

12.10.2017

Elevane vart først delte inn i fire lag og utfordra i ein klassequiz av Kronprinsen og Helene Sandbu Ryeng frå UNICEF.

Klassen hadde gjennomført eit undervisningsopplegg om årets TV-aksjon i forkant og kunne enkelt svare på spørsmål om kva årets TV-aksjonspengar skal gå til, og kor mange land pengane skal brukast i.

Utdanning til barn i krig

TV-aksjonen skal i år gå til utdanning til barn i Syria, Pakistan, Sør-Sudan, Mali og Colombia.

– Det er mange menneske på staden for å byggje opp skolar og hjelpe til for å få hjula i gang igjen. Det er nettopp det årets TV-aksjon handlar om – å hjelpe barn som er dei svakaste i verda, dei som blir ramma av krig og konflikt. Unicef er ein organisasjon som jobbar hard for at dei skal få nye sjansar, sa Kronprinsen under eit pressemøte på skolen.

Elevar ved Bossekop skole blir heia fram mens dei spring for årets TV-aksjon. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

 
TV-aksjonen er òg ein stor kunnskapskampanje. Kvart år lagar TV-aksjonen eit gratis undervisningsopplegg for grunnskolen. Opplegget er tilpassa kvart enkelt undervisningstrinn, og i fjor gjennomførte rundt 400 000 elevar opplegget. Det var dette undervisningsopplegget klasse 6B ved Bossekop skole hadde vore gjennom før dagens besøk.

Alle barn har rett til …

Kronprinsen fortalde klassen om besøket til UNICEFs Makanisenter i Jordan i september. Han viste dei blant anna eit bilete av søstrene Reem og Bayan, som han fekk møte under besøket. Jentene frå Aleppo kom til Jordan seint på året i 2013 og hadde mista eitt års utdanning på grunn av krigen. No fekk dei undervisning i fleire fag og hadde draumar for framtida. Dei ville bli legar.

Klasse 6B fekk så bryne seg på «Tek du utfordringa», før Kronprinsen snurra «Hyllestmaskina». Alle i klassen fekk føle korleis det var å bli hylla av dei andre elevane – sjølv om alle barn er forskjellige, har alle barn dei same rettane – og rett til utdanning.

Elevane sprang for årets TV-aksjon

– Alta er veldig aktive med TV-aksjonen, ikkje berre her på skolen, men også i byen. Det er veldig bra. TV-aksjonen har i seg element som er fine trekk ved Noreg – at vi går saman, engasjerer oss og er opptekne av korleis andre har det, sa Kronprinsen.

Skolebesøket vart avslutta ved fotballbanen, der fleire elevar var i full sving med å springe så mange rundar som mogleg rundt banen. Elevane vart heia fram av medelevar, Kronprinsen, Alta-ordførar Monica Nielsen og rektor Trude Andersen.

Slike skoleløp blir i desse dagar gjennomførte i heile landet for å bevisstgjere barn og unge om kva TV-aksjonen går til. Elevane samlar sponsorar som gjev eit valt beløp for kvar runde elevane spring. Pengane går til TV-aksjonen.

Møtte frivillige

Etter skolebesøket fekk Kronprinsen møte kommunekomiteen og frivillige som mobiliserer til innsats for årets TV-aksjon til UNICEF. Erik Karlstrøm er leiar for kommunekomiteen og er med for tredje år på rad. Han var åtte år første gong han gjekk med bøsse saman med faren sin, og i år håpar han Alta mobiliserer minst 150 bøsseberarar for å komme i mål.

Erik Karlstrøm er komitéleiar for TV-aksjonen i Alta. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook