Hopp til hovedinnhold

– Denne dagen handlar om deg

I dag blir Global Dignity Day markert på skolar over heile verda. Den Høgvørde Kronprins Haakon deltok som rettleiar for 17 VG1-elevar på Bleiker vidaregåande skole i Asker.

18.10.2017

– Vi skal snakke om verdiar, ja, men først og fremst handlar denne dagen om deg – kva det er du synest er viktig, korleis du synest vi skal behandle kvarandre, og kva det er som gjer at vi skaper positiv forandring for kvarandre – og for oss sjølve, sa Kronprinsen da alle elevane var samla i kantina på skolen ved starten av skoledagen.

– Det er hyggeleg å vere tilbake på Bleiker, i mitt eige nabolag, sa han, før hovudrettleiar Samuel Massie introduserte Dignity Day og omgrepet verdigheit.


Å dele historier om verdigheit med medelevar er ein sentral del av Dignity Day. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Eleven Amanda Westerheim fortalde så alle medelevane si verdigheitshistorie. Etter litt tøffe år på ungdomsskolen hadde heile situasjonen snudd seg da ho begynte på Bleiker vidaregåande skole. Ho hadde vorte teken godt imot og sett av spesielt ein kontaktlærar.

Grupparbeid i klasserommet

Elevane gjekk så til klasseromma sine for gruppearbeid. Dei delte sine historier om å bli sett og sjå andre, samtidig som dei snakka om sitt bidrag til eit betre klassemiljø og skolemiljø – og sine ønske til andre for å skape eit betre skolemiljø.

På Bleiker - og verda over 

Hausten 2016 valde Global Dignity Noreg å avvikle drifta. Bleiker vidaregåande skole har valt å fortsetje dette arbeidet på eigen skole. På bakgrunn av elevundersøkingar og tilbakemeldingar ser skolen at dette arbeidet fremjar skolekvardagen til elevane. Elevane ved skolen jobbar aktivt gjennom heile skoleåret for å skape eit skolemiljø som er fylt av engasjement, respekt, likeverd og inkludering.

Det er forventa at opp mot 500 000 barn og unge frå land over heile verda vil vere ein del av Global Dignity Day i dag.

 

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook