Sjøkrigsskolen jubilerer
I 200 år har Sjøkrigsskolen utdanna offiserar til det norske sjøforsvaret. Laurdag kveld blir det feira jubileum i Grieghallen i Bergen, og H.K.H. Kronprinsen er til stades.
Det norske Søcadetinstitut vart etablert i Stavern i 1817. I dag ligg institusjonen i Bergen, og det var her Kronprins Haakon avslutta si utdanning i Marinen i 1995.
Kveldens festframsyning presenterte ei reise gjennom skolens 200 år med song, tekst og film. Sjøforsvarets musikkorps og musikalske gjester sørgde for tonefølgje.
Sjømaktseminar
Jubileet vart òg markert i går med eit fagseminar. Det var eit seminar der jubilanten såg framover – mot 2040 og forbi. Digitalisering, droneteknologi og maritime utviklingstrekk var tematikk på agendaen.
– Vi vil prøve å sjå på kva for nokre trendar som kan påverke korleis morgondagens Sjøforsvar bør innrettast. Dette er eit utruleg spennande, men krevjande tema, sa kontreadmiral Nils Andreas Stensønes, som er sjef for Sjøforsvaret, i forkant av seminaret.
Jubileumsbok
I september var jubileumsboka klar. Da vart «Sjømilitær kompetanse og lederutvikling i 200 år» utgitt. Tretti forfattarar kastar lys over utviklinga ved skolen frå 1817 til 2017.
Sjøforsvaret
Sjøforsvaret feira 200-årsjubileet sitt alt i 2014, samtidig med Grunnlovsjubileet. Som mange andre sentrale norske institusjonar vart Sjøforsvaret etablert som eit ledd i nasjonsbygginga våren 1814. Hans Majestet Kongen var til stades ved markeringa.
Denne helga er det Sjøkrigsskolens tur.
Aktuelle saker

For kvinners helse i 125 år
I dag markerer Norske Kvinners Sanitetsforening sin 125-årsdag. Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsesse Mette-Marit sendte en digital hilsen til Sanitetskvinnene.

Møtte unge dyslektikere
Omtrent fem prosent har dysleksi, og like mange har dyskalkuli og spesifikke språkvansker. Fire unge med lærevansker fortalte i dag Hans Kongelige Høyhet Kronprinsregenten om sine utfordringer.