Operagalla i København
Fredag kveld var Hennar Majestet Dronning Margrethe II av Danmark og Hennar Majestet Dronning Sonja til stades under ein operagalla i DR Koncerthuset i København.
Prisvinnarar frå Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse song med Danmarks Radios Symfoniorkester under gallakonserten. På scenen stod blant anna den dansk-franske sopranen Elsa Dreisig og den norske tenoren Bror Magnus Tødenes.
København og Moskva
Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse har inngått eit samarbeid med DR SymfoniOrkestret i København og Bolsjojteateret i Moskva og arrangerer to storslåtte prisvinnarkonsertar i november. Konsertane er eit sjeldan høve til å oppleve nokre av dei leiande unge operastjernene i verda på ein og same kveld.
Gallaframsyning i Københavns flotte konserthus. På scenen står Seungju Bahg og Ruslana Koval. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Saman med publikum i DR Koncerthuset kunne Dronningane la seg begeistre av fleire songsolistar som alt har markert seg på leiande internasjonale musikkscenar.
Prestisjefylt konkurranse
Kim Bohr, kor- og orkestersjef i Danmarks Radio, har late seg imponere over den internasjonale statusen og prestisjen som knyter seg til Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse.
I konsertprogrammet for kveldens gallakonsert uttalte Bohr:
«Kveldens unge songarar held alle eit kunstnarisk nivå der vi som publikum kan gløyme tid og stad, lene oss trygt tilbake og la musikken tale. Vi gleder oss til ein kveld fylt med nydelege ariar frå ei rekkje populære operaer – alt saman med den særlege nerven som kjem av at dei unge songarane står på scenen her i DR Koncerthuset for aller første gong.»
Dei to dronningane med kveldens solistar. Fra venstre Seungju Bahg, Elsa Dreisig, Rustlana Koval, Mélissa Petit, Dronning Margrethe, Dronning Sonja, Alexander Roslavets, Giovanni Sala og Bror Magnus Tødenes. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Fire av årets finalistar er blant solistane som står på scenen i København og Moskva.
QSIMC
Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse (QSIMC) blir arrangert annakvart år for songarar frå alle verdsdelar. Konkurransen arbeider kontinuerleg for å gje talent sjansen til å eksponere seg og er ein døropnar for innpass i den profesjonelle musikkverda. Konkurransen er òg ein brubyggjar mellom norsk og internasjonalt musikkliv.
Aktuelle saker

Den samiske arven
I Hattfjelldal, Aarborte på sørsamisk, ble Deres Majesteter Kongen og Dronningen ønsket velkommen av barn og unge som sang og snakket på sørsamisk og norsk. I denne kommunen på Helgeland har samisk og norsk kultur eksistert side om side i generasjoner.

– Godt å være i Nord-Norge igjen
Deres Majesteter Kongen og Dronningen innledet i dag fylkesturen i Nordland. – Vi puster så fritt her i nord – hvor det er så mye hav, fjell og himmel. Og helt spesielt mange hyggelige mennesker, sa Kong Harald, som holdt turens første tale.