F-35 på norsk jord
Den 3. november landa dei tre første kampflya av typen F-35 på norsk jord. I dag var Hans Majestet Kongen til stades da det vart halde offisiell mottaksseremoni på Ørland flystasjon.
Eit av Luftforsvarets F-16 følgde dei tre nye kampflya inn til den norske hovudbasen deira – i god tid før den offisielle markeringa i dag. I ettermiddag var flya på vengene att da ei overflyging innleidde dagens markering.
Norske pilotar bak spakane
På reisa over Atlanteren var flya stadig eigedommen til produsenten Lockheed Martins. Dermed var det amerikanske pilotar som førte flya til Noreg. I dag, derimot, var det norske pilotar bak spakane.
Dei to F-35-pilotane som etter overflyginga kunne takse bort til VIP-området, var oberstløytnantane Thomas Orud «Timber» Harlem og Ståle «Steel» Nymoen. Kong Harald helsa på begge flygarane, som er sjef for kvar sin kampflyskvadron på Ørland.
Dei to første F-35 på vengene over Ørland flystasjon. Foto: Ned Alley / NTB scanpix
Seremoni
På det dedikerte seremoniområdet vart det ei rekkje talar i dag. Statsminister Erna Solberg, NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg, forsvarsminister Frank Bakke-Jensen, næringsminister Monica Mæland og forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen var alle til stades i dag, og etter ein velkomsttale ved Luftforsvarets sjef Tonje Skinnarland inntok både statsministeren, generalsekretæren og forsvarssjefen talarstolen.
Det heile vart både starta og avslutta med filmvising, og Luftforsvarets musikkorps stod for det musikalske.
Lengre prosess
Noreg har vedteke å kjøpe 52 kampfly av typen F-35. Investeringa er på heile 71,5 milliardar i 2017-kroner. Kostnaden gjeld da ikkje berre sjølve flya, men òg våpen, trening, simulatorar og anna utstyr.
Dei første flya vart overleverte Noreg i 2015, men blir brukte til trening og opplæring ved flybasen Luke i Arizona i USA. No er dei første tre komne til Noreg, og det viktige arbeidet med å gjere dei operative her i landet kan byrje. Dei første par åra vil det bli mykje opplæring, øving og tilpassing, før dei nye kampflya gradvis byrjar å operere – etter planen frå 2019.
Frå neste år får Noreg levert seks fly i året, og den nye kampflyflåten skal vere fullt operativ i 2025.
Aktuelle saker

Den samiske arven
I Hattfjelldal, Aarborte på sørsamisk, ble Deres Majesteter Kongen og Dronningen ønsket velkommen av barn og unge som sang og snakket på sørsamisk og norsk. I denne kommunen på Helgeland har samisk og norsk kultur eksistert side om side i generasjoner.

– Godt å være i Nord-Norge igjen
Deres Majesteter Kongen og Dronningen innledet i dag fylkesturen i Nordland. – Vi puster så fritt her i nord – hvor det er så mye hav, fjell og himmel. Og helt spesielt mange hyggelige mennesker, sa Kong Harald, som holdt turens første tale.