Kvinner i leiinga lønner seg
Den Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit var til stades på ein internasjonal konferanse om kvinneleg leiarskap og dei globale berekraftmåla i dag.
Auka likestilling og fleire kvinner inn i leiande stillingar – i næringslivet, i politikken – er heilt avgjerande for å nå FN-måla om å utrydde all fattigdom.
Over 100 deltok i konferansen i regi av Care, Norfund og Næringslivets Hovedorganisasjon.
Høgare omsetning
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide og investeringsdirektør Robert Næss i Nordea Investment Management heldt kvar sitt innlegg der dei viste til at bedrifter med større mangfald og kvinner i leiinga har høgare omsetning.
Men det er framleis ein lang veg å gå. 96 prosent av dei 11 000 største selskapa i verda har ein mann både som administrerande direktør og som styreleiar, viser ei undersøking utført av Nordea Investment Management i 2017. Berre 0,5 prosent av dei største selskapa har kvinneleg direktør og kvinneleg styreleiar.
Etterlyste rollemodellar
Terri McCullough, tidlegare direktør for «No Ceilings: The Full Participation Project», peika på to område der det var viktig med kvinnelege rollemodellar og fleire kvinnelege leiarar: innanfor politikken med utforminga av lover og reglar – og som rådgjevarar og mentorar for kvarandre.
– You can’t be what you can’t see, slo Terri McCullogh fast.
Terri McCullough etterlyste fleire kvinner i mentorroller og i arbeidet med lover og reglar. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Aktuelle saker

Åpnet årets Likestillingskonferanse
– Vi hadde kommer så langt. Vi har ikke råd til å miste alle disse fremskrittene, sa H.K.H. Kronprins Haakon da han satte fokus på pandemiens innvirkning på likestillingsarbeidet verden over.

– Det er mye gull å hente
Nærmere 120 000 unge under 30 år står utenfor arbeid og skole. Hans Kongelige Høyhet Kronprinsregenten talte til kommunesektoren om hvordan ungdom kan føle tilhørighet til det samfunnet de er en del av.