Hopp til hovedinnhold

Kyrkjeparade i Oslo domkyrkje

Hans Majestet Kongen og Den Høgvørde Kronprinsen deltok i føremiddag under Kyrkjeparaden – Gardens tradisjonsrike gudsteneste i Oslo domkyrkje.

12.12.2017

Saman med Kongen, Kronprinsen og paradekledde gardistar var òg inviterte gjester frå det diplomatiske korpset og leiinga i Forsvaret til stades.

Kong Harald og Kronprins Haakon vart mottekne av domprost Anne-May Grasaas, Gardesjef oberstløytnant Geir Pettersen og gardeprest major Kenneth Henriksen.

Kong Harald blir følgd av gardesjef Geir Pettersen etter den tradisjonelle julegudstenesta i Oslo Domkyrkje. Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Gangen i gudstenesta

Aller først vart fana ført inn, og alle vart ståande til fana var på plass. Hans Majestet Kongens Gardes Musikkorps spelte preludium: Sammy Nesticos "Silent night".

Forsamlinga mintest dei falne. Bønnesignalet vart spelt, før minneord vart framsagde av kaptein Jacob Vermelid Helgesen. Kyrkjelyden reiste seg for eitt minutts stille.

Domprost Anne-May Grasaas ønskte velkommen, og forsamlinga song "Deilig er jorden". Gudstenesta fortsette med syndevedkjenning, bønnerop, lovsong, dagens bønn, tekstlesing og truvedkjenning.

Tonefølgje

Gardeprest major Kenneth Henriksen heldt preika for dagen, som tok utgangspunkt i Johannesevangeliet kapittel 1,1-5 og 1-13.  Hans Majestet Kongens Gardes Musikkorps spelte under gudstenesta, i tillegg til å gje tonefølgje til songen til kyrkjelyden. Før preika lydde "Tenn lys" og etter forbønn og Herrens bønn vart "Cantique de Noël" spelt.

Kyrkjeparaden vart tradisjonen tru avslutta med Fedrelandssalmen, Kongeønsket og Herrens Velsigning.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook