Opna nytt bygg for psykisk helsevern
I dag opna det nye bygget for psykisk helsevern på Lovisenberg Diakonale Sykehus i Oslo. Nybygget skal bidra til eit breiare og meir fleksibelt tilbod.
Lovisenberg har ansvaret for tenester til meir enn 100 000 menneske i Oslo. I dag er tilbodet innanfor psykisk helsevern spreidd på tre ulike stader, og i mange år har draumen vore å gje eit breiare tilbod på éin stad. No står eit helt nytt bygg på 18 000 kvadratmeter klart til innflytting.
Helseminister Bent Høye stod for opningstalen i dag, mens Den Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit klipte den symbolske snora. Deretter fekk dei to ei omvising i dei nye lokala og eit innblikk i korleis sjukehuset tenkjer heilskapleg og jobbar med å redusere bruken av tvang.
Kronprinsesse Mette-Marit og helseminister Bent Høie deltok begge under opninga av det nye bygget for psykisk helsevern. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Eit heilskapleg tilbod på éin stad
Nybygget for psykisk helsevern vil samle alle døgnplassane for psykisk helse ved sjukehuset på éin stad. I dag er plassane spreidde omkring i hovudstaden, og bygga er ofte nedslitne og mindre godt eigna enn dei kunne vore. Det nye bygget byr på luftige rom og store vindauge som slepper inn masse lys – noko som òg gjev fin utsikt for brukarar og pasientar. I tillegg blir fagmiljøet større, og ønsket er at dette skal vere med på å gje denne pasientgruppa eit løft.
Klinikksjef Martin Veland tok Kronprinsessa, helseminister Bent Høie og Oslo-ordførar Marianne Borgen med på ei omvising i nybygget. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
På området der Lovisenberg held til, finst òg det somatiske behandlingstilbodet deira. Med samlokaliseringa som no skjer, kan sjukehuset gje eit breiare og meir fleksibelt tilbod til pasientane. Menneske med psykiske problem slit ofte med somatiske plager i tillegg, og samlokaliseringa vil dermed vere ein stor fordel.
Under omvisinga vart det lagt vekt på korleis Lovisenberg jobbar systematisk med mindre bruk av tvang overfor pasientane sine. At tvang bør vere siste utveg, var òg helseministeren oppteken av i sin tale.
Tidlegare pasient delte si historie
Under opninga fekk Kronprinsessa og Bent Høie møte ein av dei tidlegare pasientane ved Lovisenberg. I dag er den unge kvinna rusfri og i full jobb i barnevernet. I talen sin fortalde ho om korleis musikkterapi har hjelpt henne mykje i livet, og takka terapeutane på sjukehuset for det dei hadde gjort for henne. Frå å vere psykisk sjuk og på medisinar vart ho rusfri, medisinfri og ein ressurs for samfunnet.
Ho framførte òg ein song saman med den tidlegare terapeuten sin. Songen "Løvetannbarn" handlar om korleis ein trass i ein vanskeleg oppvekst og psykisk sjukdom kan komme seg opp gjennom asfalten og blomstre.
Open dag
Leiinga på sjukehuset er opptekne av at vi må vere meir opne om psykisk sjukdom. Dei vil kjempe imot mytar og stigmatisering av menneske som slit med tyngre psykiske helseproblem. Derfor arrangerer sjukehuset òg ein open dag for familie, venner og publikum førstkommande laurdag. Les meir om dette via peikaren i lenkjelista.
Aktuelle saker

Den samiske arven
I Hattfjelldal, Aarborte på sørsamisk, ble Deres Majesteter Kongen og Dronningen ønsket velkommen av barn og unge som sang og snakket på sørsamisk og norsk. I denne kommunen på Helgeland har samisk og norsk kultur eksistert side om side i generasjoner.

– Godt å være i Nord-Norge igjen
Deres Majesteter Kongen og Dronningen innledet i dag fylkesturen i Nordland. – Vi puster så fritt her i nord – hvor det er så mye hav, fjell og himmel. Og helt spesielt mange hyggelige mennesker, sa Kong Harald, som holdt turens første tale.