Konferanse om marin forsøpling
– Det å halde kysten rein ved å handplukke søppel – det funkar, det er handfast og overkommeleg, sa Den Høgvørde Kronprins Haakon da han opna Hold Norge Rent-konferansen på Voksenåsen i Oslo i dag.
I 2017 deltok rekordmange frivillige – 49 000 personar – på Strandryddedagen i regi Hold Norge Rent. Det vart gjennomført 2800 ryddeaksjonar – og 1400 tonn marint avfall vart rydda bort frå over 2200 kilometer kystline.
– Takk vere innsatsen til Hold Norge Rent trur eg mange opplever at dei faktisk kan bidra, sa Kronprinsen og fokuserte vidare på at noko så konkret som å rydde ei strand kunne vekkje eit større og breiare miljøengasjement for mange.
Kronprins Haakon og ordførar Marianne Borgen under opninga. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Verdsleiande norsk teknologi
150 personar deltek på konferansen om marin forsøpling som fortset utover dagen med innlegg om Arktis, fiskeri og nordisk samarbeid.
I opningstalen sin snakka Kronprins Haakon om korleis havet er prega historia, kulturen og økonomien til landet vårt.
"Vi ber som nasjon eit stort ansvar for å halde havet friskt.
– Havet har gjeve oss mat, arbeidsplassar og fantastiske naturopplevingar. Havbaserte næringar står for 70 prosent av norske eksportinntekter. Vi er eit av landa i verda med lengst kystline, og Norege rår over to millionar kvadratkilometer med hav. Derfor ber vi som nasjon òg eit stort ansvar for å halde havet friskt. Og vi har sjansen til å holde havet friskt, for slik å sørgje for at vi òg i framtida kan hente ut ressursar av havet – og gjennom den verdsleiande teknologien vår gå framfor i å styrkje havet si helse – samtidig som vi bidreg til å møte det stadig aukande behovet for mat og rein energi i verda, sa Kronprins Haakon.
Heidra marinbiolog
Per-Erik Schulze, fagrådgjevar i Naturvernforbundet, fekk Gullklypa 2017 for innsatsen sin mot marin forsøpling. Prisen vart delt ut av Lan Marie Nguyen Berg, byråd for samferdsel og miljø i Oslo.
Schulze har vore aktiv i miljørørsla sidan 1987. Han er ei tydeleg nasjonal stemme og ein stor inspirator, heiter det i grunngjevinga. I 2015 etablerte han Facebook-sida «2 minutters strandrydding Norge – se hva jeg fant» og har vore ein sentral bidragsytar i ei årrekkje. Per-Erik Schulze er busett i Kragerø i Telemark.
Aktuelle saker

Fra avskoging til økoturisme
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen er i Colombia på oppdrag for FNs utviklingsprogram, UNDP. Torsdag besøkte han et prosjekt som kombinerer integrering av tidligere geriljasoldater, utvikling og miljøvern.

Rustes mot klimaendringer
Onsdag reiste Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen til La Mojana-regionen, sør-øst i Colombia. Området er svært sårbart for klimaendringer, men et lokalt pilotprosjekt har gitt svært gode resultater.