Heidra unge i musikkbransjen
Musikkfestivalen by:Larm er i gang. I dag var Den Høgvørde Kronprinsen til stades for å dele ut diplom til dagleg leiar Mina Evenrud og 19 andre unge bransjefolk.
Norsk og nordisk musikk gjer det stort ute og heime. Bak artistar, låtskrivarar og produsentar står ein hel bransje engasjert i festivalar, plateselskap og management. Dei gjer eit viktig arbeid for å ta vare på og utvikle artistane. I dag ville bransjen heidre talenta sine under 30 år som set musikk frå Norden på kartet internasjonalt.
Fem nordmenn fekk diplom
I dag vart 20 bransjetalent heidra i Mathallen i Oslo i samband med opninga av årets by:Larm-festival.
Mina Evenrud i by:Larm er eit av musikkbransjetalenta som fekk diplom i dag. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Fire andre nordmenn kom inn på lista i tillegg til Mina Evenrud i by:Larm: Yonas Tesfamichael Aregai i plateselskapet MER, Andres Dahl i Paperclip som jobbar med musikkmanagement, Margit Bøhn i Universal Music Sweden og Karen Norbakk i Mandelbaum Management.
I tillegg delte Kronprinsen ut diplom til sju svenskar, fire danskar, tre finnar og éin islending på lista Nordic Music Biz 20 under 30.
Musikklunsj
Bak kåringa står NOMEX, fellesorganisasjonen for dei nordiske eksportkontora for musikk, der Music Norway er representert.
Musikklunsjen vart halden i høve by:Larm på Mathallen i Oslo. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Etter utdelinga var det lunsj og mingling der Kronprinsen fekk høve til å snakke med nokre av bransjetalenta.
Aktuelle saker

For kvinners helse i 125 år
I dag markerer Norske Kvinners Sanitetsforening sin 125-årsdag. Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsesse Mette-Marit sendte en digital hilsen til Sanitetskvinnene.

Møtte unge dyslektikere
Omtrent fem prosent har dysleksi, og like mange har dyskalkuli og spesifikke språkvansker. Fire unge med lærevansker fortalte i dag Hans Kongelige Høyhet Kronprinsregenten om sine utfordringer.