Hopp til hovedinnhold

Grøn omstilling på Karmøy

Den Høgvørde Kronprins Haakon besøkte i dag pilotanlegget til Hydro og fiskefôrprodusenten BioMar på Karmøy. Begge anlegga veks, mykje takka vere ny og energieffektiv teknologi.

07.03.2018

Ved pilotanlegget skal Hydro produsere aluminium med så lågt energiforbruk og så høg produktivitet som ingen tidlegare har klart.

– 15 prosent lågare energiforbruk

I slutten av januar i år vart fyrste elektrolysecelle sett i drift. Fabrikksjef Tom Petter Johansen viste Kronprinsen rundt på operatørsenteret og i produksjonshallen der 60 nye elektrolyseceller står. 

Oppstart av cellene skjer gradvis og samla skal dei produsere om lag 75 000 tonn aluminium i året. Pilotanlegget gjev 60 nye arbeidsplassar på Karmøy. Sju elektrolyseceller er no sett i drift.

Kronprins Haakon fekk ei orientering om teknologien som er utvikla av Hydros forskarar og ingeniørar i Årdal, Porsgrunn, Karmøy, Oslo og Neuss i Tyskland. I følgje tall frå Hydro vart energiforbruket om lag 15 prosent lågare per kilo aluminium enn gjennomsnittet i verda i dag.

Storeksportør av aluminium

Aluminium er ein av Noregs største eksportartiklar, etter olje og fisk. Metallets fleksibilitet, styrke og låge vekt gjer den ideell på så mange forskjellige bruksområder – til bruk i bilar, fly, syklar, bygningar, emballasje, leidningar, kablar og ulike bruksgjenstandar.

Besøket på Hydro vart avslutta med lunsj på Høyevarde, eit av Noregs eldste fyr.

340 000 tonn fiskefôr i året

Kronprins Haakon besøkte fôrprodusenten BioMar på Karmøy for å lære meir om effektiv og berekraftig produksjon av fiskefôr.

Omvisning på Biomar. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoff


I haust opna fabrikken ei ny produksjonslinje. Den nye linja – Linje 3 – har ein årleg kapasitet på 140 000 tonn fiskefôr. Det har auka kapasiteten på Karmøyfabrikken med 70 prosent – til 340 000 tonn i året, viser BioMar til. Det er knytt 15 arbeidsplassar til den nye produksjonslinja.

Fiskefôr til 80 land

Under bedriftsbesøket på BioMar fekk Kronprinsen ei orientering og guida tur gjennom fabrikkområdet av administrerande direktør Jan Sverre Røsstad og Tore Gunnar Wikdal i BioMar. Dei fortalte om berekraftige løysingar, innovasjon og vekst på naturens premissar.

BioMar var den fyrste verksemda innan norsk havbruk som vart sertifisert som berekraftig etter standarden DNV ProSustain.

BioMar vart oppretta av ei gruppe danske fiskeoppdrettare i 1962 og leverer fôr til rundt 80 land og til over 45 forskjellige fiskeartar. BioMar har i dag over 200 tilsette – på Myre i Vesterålen, på Karmøy og i Trondheim.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook