Hopp til hovedinnhold

Med norske gründerar i Texas

Teknologi- og musikkfestivalen South by Southwest har over ein halv million besøkjande årleg. I år står òg Den Høgvørde Kronprins Haakon og norske gründerar på gjestelista.

13.03.2018

Det starta som ein musikkfestival mot slutten av 80-åra, men festivalen har utvikla seg til å handle om ny teknologi i tillegg til musikk og kultur. No er han ein av dei største i verda i sitt slag.

Ein stor norsk delegasjon med gründerar, musikarar og representantar for musikkindustrien er på plass, og Kronprins Haakon vil møte mange av dei dei neste dagane. Om det går som dei ønskjer, kan festivalen bli ein viktig døropnar til ein av dei viktigaste marknadene i verda – USA.

I dag starta dagen med bransjefrukost saman med norske selskap som jobbar med helseteknologi, «medtech». Korleis norsk helseteknologi kan bidra til å forandre verda, var eit hovudtema rundt borda. 

Innovasjon som løyser problem

Stadig fleire små og store oppstartsbedrifter gjer suksess langt utover Noregs grenser. I føremiddag (lokal tid) gjekk Kronprinsen på talarstolen som ein del av  hovudprogrammet på festivalen, og foredraget hans fokuserte på akkurat dette: Kvifor går det så godt for norske gründerar?

Noreg er eit trygt land, med god økonomi, låg arbeidsløyse og gode velferdsordningar – eit trygt land å ha ein vanleg jobb i. Likevel satsar tusenvis av menneske kvart år all fritid og alle sparepengar på å forfølgje gode idear og bli gründerar. Kvifor er det slik?

Kronprins Haakon tok òg opp korleis vi kan ta utgangspunkt i FNs berekraftsmål når vi ønskjer å starte eit selskap. Da kan resultatet bli idear som bidreg til å løyse heilt konkrete problem. Han bad to norske selskap om å  fortelje. Dei to har utvikla produkt som bidreg til å løyse utfordringar verda står overfor, og har vorte lagde merke til langt utover Noregs grenser:

  • No Isolation fortalde om den vesle roboten som sørgjer for at barn som må vere lenge borte frå skulen, kan følgje undervisninga og halde kontakt med venner. 
  • Diwala samarbeider blant anna med UN Women om identifikasjonsløysingar for menneske som er på flukt i verda.

Nordiske selskap viste seg fram

Såkalla pitching er viktig på ein festival som denne. Det vil seie at eit utval selskap får nokre minutt på ein scene der dei kan formidle dei gode ideane sine til eit publikum av utanlandske investorar og samarbeidspartnarar. Dei nordiske landa har gått saman om ein Nordic Pitch i år, og det var Kronprins Haakon som opna han. 


Kronprinsen og Noregs ambassadør testar Virtual Reality på festivalområdet. Foto: Christian Lagaard, Det kongelege hoffet

Kronprinsen har òg snakka med norsk og utanlandsk presse i dag for å fortelje om den norske innsatsen under årets festival. 

Musikk i morgon

I morgon skiftar Kronprins Haakon tema frå teknologi til musikk. Music Norway arrangerer nettverkslunsj der både norsk og amerikansk musikkindustri tek med seg erfaringar og idear til lunsjbordet. Kronprinsen vil òg møte norske artistar og vere til stades på ein av dei mange konsertane.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook