Hopp til hovedinnhold

Avslutta i Tallinn

Kronprinsparet avslutta reisa si til dei baltiske landa i Estland i dag. Det vart ein dag som famna både digitalisering, moderne byutvikling og historisk arv i UNESCO-lista Tallinn.

26.04.2018

Estland og Noreg ligg begge langt framme i digitaliseringa av samfunn og næringsliv og har mange felles interesser. Det var bakgrunnen for seminaret som starta dagen for Hennar Eksellense President Kersti Kaljulaid og Dei Høgvørde Kongelege Kronprinsen og Kronprinsessa i dag.

Næringslivsforum

Det er alt eit utstrekt samarbeid på det digitale området. Erklæringa om "Det digitale nord" vart signert av dei nordiske og baltiske landa i Oslo i fjor. Ho fremjar ambisjonen om å gjere Norden og Baltikum leiande innan digital utvikling. 

Kronprins Haakon opna seminaret i dag og peika på dei mange likskapane og moglegheitene vi deler.

"Estonia and Norway are both small, open economies. We are both part of the Single Market. And both our countries are at the top of international rankings of digitalisation. This means that we are in a good position to address the challenges and exploit the opportunities represented by digital transformation."

Estiske og norske selskap har komme saman, både på Tallinn ICT Week og under Oslo Innovation Week. I dag låg alt til rette for å knyte enda fleire kontaktar.

Presidenten og Kronprinsparet på Norwegian–Estonian Business Forum. Foto: Lise Åserud, NTB scanpix

Telliskivi - byutvikling i eit nøtteskal

I gåavstand frå Tallinn sentrum ligg området Telliskivi ("teglstein"). Det gamle industriområdet har fått nytt liv som senter for kreativ verksemd, med teater og musikk, galleri og kunst. Her er eit levande miljø med serveringsstader og møteplassar, moderne bedrifter og organisasjonar. 

Fleire av kulturaktørane i Telliskivi har gode kontaktar til Noreg. Det har òg nettverket av estiske frivillige organisasjonar (NENO), som er ein viktig aktør for norsk støtte til Estland gjennom EØS-midla.

Kronprinsparet vart viste rundt i Telliskivi Creative City i dag, der dei fekk vite meir om verksemda og kontaktane til Noreg.

På vandring i Gamlebyen i Tallinn. Foto: Lise Åserud, NTB Scanpix

Avslutta i Gamlebyen

Etter det moderne Telliskivi avslutta Kronprinsen og Kronprinsessa besøket i Gamlebyen. Gamlebyen i Tallinn er ein av dei best bevarte mellomalderbyane i Europa, med plass på UNESCOs verdsarvliste. Estlands kultur og historie, banda til Norden, Russland og det europeiske kontinentet – alt blir spegla innanfor dei gamle bymurane. 

Den guida vandringa vart avslutta i det gamle rådhuset midt på torget i Gamlebyen. Rådhuset frå 1400-talet er ein attraksjon i seg sjølv, men husar no òg ei utstilling av måleri frå første halvdel av 1900-talet, der fleire av kunstnarane hadde kontaktar til Noreg. 

Kronprinsparet avslutta reisa med eit pressemøte på torget i Tallinn. Foto: REUTERS / Ints Kalnins / NTB Scanpix

 
Eit pressemøte på torget utanfor rådhuset avslutta reisa for Kronprinsparet. I løpet av fire dagar har Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit besøkt Latvia, Litauen og Estland og teke del i 100-årsmarkeringa av sjølvstendet deira.

 

 

Fakta

Fakta om Estland

Hovedstad: Tallinn
Største byer: Tallinn, Tartu og Narva

Størrelse: 45 339 km2 (Norge: 385 203 km²)
Befolkning: ca 1 318 700 (2018)
Omlag 69 % er estere. Russere utgjør omlag 25 % av befolkningen.

Språk: Estisk

Styresett: Republikk 
Statsoverhode 2018: President Kersti Kaljulaid
Etablert 24. februar 1918

Hans Majestet Kong Harald avla statsbesøk til Estland i 1998. 
Estlands president avla statsbesøk til Norge i 2014 og 2002.

Det bilaterale forholdet mellom Norge og Estland er nært og godt, med mange kontaktflater. Det er utbredt kontakt også innenfor kulturlivet, og handelen mellom landene øker stadig. Omlag 5 000 estere er bosatt i Norge, og mange nordmenn besøker Estland

Kilde: UD

 

Kronprinsparet og President Kaljulaid under den høytidelige velkomstseremonien i Tallinn. Foto: Lise Åserud, NTB scanpix.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook