Hopp til hovedinnhold

Festspel i Bergen

Så er dei i gang: Festspela i Bergen blir arrangerte for 66. gong. Hennar Majestet Dronninga var til stades ved opninga på Torgallmenningen i dag.

23.05.2018

Fleire hundre konsertar, framsyningar og andre arrangement på meir enn 40 ulike arenaer står for døra dei næraste dagane. Fellesnemnaren er tematikken «tru og tvil».

– Kva kan vi eigentleg tru på i dag? Kunsten er ei mektig rettesnor til både etablerte og nonsjalante haldningar, fordi han peikar på kor viktig det er å legitimere tvilen, det fleirtydige og det komplekse. På Festspela presenterer vi mange alternativ, men ingen alternative fakta eller fasitsvar, seier direktør for Festspela Anders Beyer.

Opningsseremoni

Først kom Dronninga til "Den blå steinen" på Kong Olav Vs plass, der ho kunne glede seg over eit program i regi av Norges Musikkorps Forbund Hordaland. Forbundet fyller 100 år i år og hadde valt musikk frå Sør Afrika som tema for framføringa.

Deretter tok Dronninga plass på Kongetribunen på Torgallmenningen for sjølve opningsseremonien. 

Dronning Sonja kjem til opninga av dei 66. Festspela i Bergen. Styreleiar for Festspela Magne Furuholmen følgjer Dronninga. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Lars Vaular var konferansier under opninga og leidde publikum gjennom eit program som omfatta tale ved ordførar Marte Mjøs Persen og artistar som Eivør Pálsdottir, Ingrid og Marius Neset, Arctic Ice Music – i tillegg til Lars Vaular med band. Multimediaprosjektet "Landscape of Hate" var òg eit ledd i arrangementet.

Konferansier Lars Vaular leidde opningsarrangementet. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
Det heile vart avslutta med "Nystemten". Sjølvsagt.

Lunsj i Håkonshallen

Tradisjonen tru inviterte Bergen kommune til Festspellunsj i Håkonshallen. Ordførar Mjøs Persen ønskte Dronninga og dei andre gjestene velkommen, og Geir Draugsvoll stod for musikk til måltidet. Dette var òg høvet for talen til styreleiar Magne Furuholmen. 

Opningskonsert i kveld

Klokka 20.00 i kveld er Dronning Sonja til stades ved årets opningskonsert i Grieghallen. Da vil 300 musikarar og koristar under leiing av dirigent Edward Gardener framføre Berlioz' rekviem, "Grand messe des mortes".

Grande messe des morts. Foto: Selina Dei Maeyer / Trevillion Images


Messa vart skriven til minne om Frankrikes falne under revolusjonen i 1830 og blir ikkje sett opp så ofte – rett og slett fordi det krev tre kor og store orkesterkrefter å framføre det. Den storslegne konserten vil bli teken opp og utgjeven på plate.

Festspelutstillinga

I morgon opnar årets festspelutstilling, "Fifth Honeymoon", og Dronning Sonja vil vere til stades.

Årets festspelutstillar Torbjørn Rødland lagar fotografi som samtidig er både enkle og intrikate; både forførande vakre og underleg fråstøytande, heiter det i presentasjonen på nettsidene til Festspela.

Årets festspel varer fram til 6. juni. 

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook