Hopp til hovedinnhold

Jubileumsfeiring i København

Laurdag kveld tok Dei Høgvørde Kongelege Kronprinsen og Kronprinsessa del i feiringa av Den Høgvørde Kronprins Frederiks 50-årsdag.

26.05.2018

Hennar Majestet Dronning Margrethe av Danmark heldt ein stor gallamiddag til ære for sonen på Christiansborg slott i København. Gjester frå heile Europa var inviterte til den store gallamiddagen.

Kronprins Frederik og Kronprinsesse Mary køyrde med hest og vogn frå Amalienborg til Christiansborg. Foto: Martin Sylvest / Ritzau Scanpix / NTB scanpix

Jubilanten og kona hans, Den Høgvørde Kronprinsesse Mary, køyrde til middagen i karet og hestekortesje gjennom gatene i København.

 

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook