Hopp til hovedinnhold

Innovasjonstale om grøn norsk eksport

Profilering av grøne løysingar står sentralt i arbeidet med å auke norsk eksport. Den Høgvørde Kronprinsen var i salen under årets innovasjonstale.

31.05.2018

Statsminister Erna Solberg lanserte den digitale tenesta The Explorer under arrangementet i Oslo Rådhus i dag.

Noreg skal vise fram grøne og innovative løysingar i eit digitalt utstillingsvindauge, og kundar verda over skal finne dei.

Innovasjonstalen 2018

Ambisjonen er å vere pioner på berekraftige løysingar, og Innovasjon Noreg leier eksportsatsinga.

– Vi er alt anerkjende som pionerar i delar av det grøne skiftet. Det er takk vere modige norske bedrifter som med det offentlege i ryggen har tort å gå framfor, sa Anita Krohn Traaseth, administrerande direktør i Innovasjon Noreg, i sin tale og viste samtidig til ei rekkje område der Noreg har levert grøne løysingar i verdsklasse.

Kronprins Haakon helsar på Anita Krohn Traaseth i Innovasjon Noreg idet han kjem Oslo Rådhus. Foto: Tom Hansen, Innovasjon Noreg

– Vi er langt framme i solenergi. Vi driv grøn industri med vasskraft. Vi er ein av dei største marknadene for elbilar. Norske bankar har langt på veg gjort kontantar overflødige. Ja, vi har satt verdas første elektriske bilferjer i rute, og vi reiser bygg i tre som ragar over alle andre med eit minimalt CO2-avtrykk, sa Traaseth vidare. – Norsk næringsliv har alt bedrifter i verdsklasse. Vi kan alt vere med å bidra til FNs mål – om det er reint vatn, god helse, god utdanning eller ansvarleg forbruk og produksjon.

Etter talen overleverte ho næringsminister Torbjørn Røe Isaksen ein ny rapport om internasjonal eigarskap og verdiskaping i Noreg.

Eksportsatsinga Merkevara Noreg

Tema i år var Merkevara Noreg, som er namnet på ei nasjonal eksportsatsing.

Sentralt i satsinga står etableringa av eit globalt vekstprogram, styrking av Invest in Norway-programmet, styrking av næringsklyngjene, profilering av grøne løysingar og profilering av havnasjonen Noreg.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook