Hopp til hovedinnhold

Holbergprisen til amerikansk jurist

Den Høgvørde Kronprins Haakon overrekte i dag Holbergprisen for 2018 til den amerikanske juristen Cass R. Sunstein. Han får prisen for dei vitskaplege arbeida sine som har hatt stor innverknad på politikkutforming i USA.

06.06.2018

Overrekkinga skjedde under ein høgtideleg seremoni i Universitetsaulaen i Bergen. Før prisutdelinga møtte prisvinnaren Kronprinsen i audiens.

Holbergprisen er oppkalla etter den norsk-danske forfattaren Ludvig Holberg. Den blir delt ut årleg for framståande vitskapleg arbeid innanfor fagområda humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi.

Kronprins Haakon overrekte Holbergprisen for 2018 til den amerikanske juristen Cass R. Sunstein. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det Kongelege HoffetKronprins Haakon overrekte Holbergprisen for 2018 til den amerikanske juristen Cass R. Sunstein. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det Kongelege Hoffet

– Ein av dei viktigaste intellektuelle i vår tid

Harvard-professor Cass R. Sunstein er kjend for det tonegivande arbeidet sitt innan statsrett og demokratiteori, rettsvitskap, åtferdsøkonomi og offentleg politikk, forvaltningsrett og risikoregulering.

Cass Sunstein held takketale etter å ha motteke Holbergprisen. Foto: Emil Weatherhead Breistein / NTB scanpixCass Sunstein held takketale etter å ha motteke Holbergprisen. Foto: Emil Weatherhead Breistein / NTB scanpix

«Cass Sunstein er en av vår tids mest vidtfavnende, innovative og toneangivende forskere. Hans vitenskapelige arbeider har redefinert flere forskningsfelt, og den praktiske implementeringen av hans forskning har hatt stor betydning for politikkutforming,» heiter det blant anna i grunngjevinga frå Holbergkomiteen.

Komiteen viser vidare til at den framståande forskinga hans, det politiske engasjementet, den stadige søkinga etter praktiske løysingar og forsvaret hans for den opplyste, offentlege samtalen «gjør han til en av vår tids viktigste intellektuelle».

Kronprinsen tek imot prisvinnar Cass Sunstein og kona hans, Samantha Power, i audiens. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffetKronprinsen tek imot prisvinnar Cass Sunstein og kona hans, Samantha Power, i audiens. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Nils Klim-pris til norsk statsvitar

Under seremonien i Universitetsaulaen delte minister for forsking og høgare utdanning Iselin Nybø ut årets Nils Klim-pris til den norske statsvitaren Francesca Refsum Jensenius. Ho får pris for forskinga si på val, utvikling og likestillingsspørsmål i India og andre land.

Nils Klim-prisen blir tildelt yngre nordiske forskarar under 35 år for framståande bidrag innanfor dei same fagfelta som Holbergprisen dekkjer.

Jensenius er førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo, Institutt for statsvitskap.

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook