Tradisjon og innovasjon
DD.HH.KK. Kronprinsen og Kronprinsessa besøkte fleire industribedrifter i Hordaland i dag. Det vart eit besøk med stor spennvidd.
Kronprinsparet ønskte innblikk i kva som rører seg i industrisektoren på Vestlandet. Dei besøkte tre heilt ulike verksemder i spennet mellom tradisjon og innovasjon i kommunane omkring Bergen.
Gründermiljø på Mongstad
Kronprinsparet starta dagen hos Industriutvikling Vest i Lindås kommune. Alt i 2010 vart det teke initiativ til å etablere ein industriinkubator på Mongstad for å bidra til å utvikle gode og lønnsame selskap.
Gründerbedriftene, som blir ein del av fellesskapet på Industriutvikling Vest, får både kontorlokale og profesjonell hjelp frå rådgjevarar som sjølve har starta og utvikla bedrifter. Dei har òg utvikla eit godt nettverk av kontaktar innan næringsliv og kapitalmiljø som oppstartarane får nyte godt av. I dag fekk Kronprinsparet høyre korleis dette er med på å gjere kvardagen som gründer enklare.
Foto: Helge Skodvin
Under ein arbeidslunsj fekk Kronprinsparet møte fleire av bedriftene som er ein del av det yrande gründermiljøet på staden. Selskapa fekk halde ein presentasjon om seg sjølve, og Kronprinsparet fekk sjansen til å stille spørsmål undervegs. Blant dei som presenterte seg, var desse tre:
- Motitech, som har kombinert trimsykling med video for at eldre og demente skal få auka livskvalitet gjennom trim til utforsking av nye stader.
- FeC, eit kompetansesenter innanfor sveis og materialteknologi. Selskapet er leidd av Kathrine Molvik, som vart kåra til Årets kvinnelege gründer i Noreg i 2016.
- Norwegian Weather Protection, som presenterte sitt produkt, som gjer ein viktig jobb i kampen mot lakselus.
Tilrettelagd for stolte tilsette
Dagens andre stopp var Knarvik Industri og Miljø, der dei stolte tilsette hadde mange produkt å vise fram og mange historier frå arbeidskvardagen å fortelje. Bedrifta tilbyr jobb for dei som av ulike grunnar treng ein tilrettelagd arbeidsplass. Her blir det ikkje stilt same krav til inntening og effektivitet som andre stader, men til kvaliteten blir det stilt sterke krav.
Bedrifta driv ein gjenbruksbutikk, i tillegg til tekstiltrykk for næringslivet. Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit fekk besøkje både butikken og trykkjeriet da dei var på besøk. Bedrifta har òg ei monterings- og pakkeavdeling der blant anna Rolls Royce Marine er blant kundane.
Levende industrihistorie
Hillesvåg Ullvarefabrikk er ei fjerdegenerasjons familiebedrift som produserer garn og karda ull til toving. Da Kronprinsen og Kronprinsessa kom til fabrikken som dagens siste stopp, fekk dei fort sjå at her sat det mykje industrihistorie i veggene. Fabrikken har røter heilt tilbake til 1898, og fleire av maskinene er over 100 år gamle.
Kronprinsparet på besøk hos Hillesvåg Uldvarefabrikk. Foto: Helge Skodvin
Kronprinsparet fekk kjennskap til korleis fabrikken gjennom generasjonar har følgt med i utviklinga og endra seg for å møte framtidas behov. I dag har fabrikken nettbutikk i tillegg til eit stort utsal. Der kan besøkjande – på same måte som Kronprinsparet – vere med på ein guida tur gjennom fabrikken, som på denne måten fungerer som eit levande museum for eit lite stykke norsk industrihistorie.
Så spennet var stort for Kronprinsparet under dagens industribesøk – frå det aller siste i gründermiljøet til dei eldste handverkstradisjonane.
Aktuelle saker
Det kongelige hoffs årsrapport for 2023
Kongehusets aktiviteter gjennom året speiler Norge i dag. Kongefamiliens reiser til 47 kommuner, offisielle besøk til fem europeiske land, ulike arrangementer sammen med det norske forsvaret samt søkelys på landets beredskap, viser både hva som er viktig for Norge og hva Kongefamilien er engasjert i.
Tilbake på Berkeley
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen begynte andre dag av besøket til USAs vestkyst på sitt gamle universitet, UC Berkeley. Det ble også anledning til å besøke San Quentin rehabiliteringssenter, der et nytt program er inspirert av norsk kriminalomsorg.