Hopp til hovedinnhold

Øvde på å amputere i felt

300 redningsarbeidarar deltek i desse dagar i ei stor øving som Norsk Luftambulanse arrangerer på Fornebu. H.K.H. Kronprins Haakon gjekk i dag inn i rolla som lærling i eit luftambulansecrew.

20.09.2018

Treningscamp Torpomoen er inne i si siste veke.

Gjennom fem veker har redningsarbeidarar frå luftambulansen, redningsdykkarar frå brann- og redningsetatar og paramedic-studentar frå Oslo Met delteke på den årlege øvinga til Stiftelsen Norsk Luftambulanse.

Akuttoppdrag i Rondane

Kronprinsen fekk på seg kjeledress frå Norsk Luftambulanse og helsa på mannskapet som skulle delta i øvinga. Lukas Olsen var pilot, Vegard Rosenlund var lege, og Thomas Dahle var redningsmann. Kronprins Haakon fekk rolla som lærling i mannskapet.

– Det var veldig interessant å sjå på nært hald korleis dei jobbar. Dei har arbeidsoppgåvene klart for seg, sjølv om dei ikkje jobbar saman som team til dagleg. Ting flyt lett i ein komplisert situasjon, med ein pasient som har store traume, sa Kronprinsen etter øving og debrifing med teamet.


Lærlingen Kronprins Haakon fekk blant anna oppgåva med å halde "beinet" som skulle amputerast, i ro. Foto: Terje Pedersen, NTB scanpix

Øvinga dreidde seg om amputasjon ute i felt, og dette var scenarioet: 

To unge menn er ute på fjelltur. Det går eit steinskred, og ein av dei blir liggjande fastklemd under 1,5 tonn stein. Han er hardt skadd og treng medisinsk hjelp straks. Dette er utanfor allfarveg, og luftambulansecrewet med anestesilege, redningsmann og pilot er einaste ressurs som kan nå fram til pasienten. Han står i fare for å blø i hel, og ein akutt amputasjon er einaste utveg for at pasienten skal overleve.

Under øvinga fekk Kronprinsen oppgåvene med å sørgje for blodtilførsla, flytte bort ein stor stein og halde "beinet" som skulle amputerast, roleg. 

Etter øvinga vart Kronprinsen oppgradert frå "Haakon – Lærling" til "Haakon – Redningsmann", ei utmerking han meinte nok ikkje var heilt fortent. Foto: Terje Pedersen, NTB scanpix

Heldigvis sjeldan

Amputasjon utanfor sjukehus skjer sjeldan – ein gong i året i Noreg, ifølgje tal frå Norsk Luftambulanse.

– Dette er jo noko som ikkje skjer så ofte, sjølv om det er høgst reelt at det kan skje. Det er viktig å øve på dei tinga som ein ikkje får gjort så mange gonger, som er litt uvanleg, for nettopp å kunne handtere desse situasjonane, sa Kronprinsen.

Årets øving er den største Stiftelsen Norsk Luftambulanse har arrangert for luftambulansepersonell og andre etatar. Øvinga med amputasjon har skjedd fire stader parallelt i tillegg til ei drukningsøving som har gått føre seg på to stader parallelt.

Om Norsk Luftambulanse

Stiftelsen Norsk Luftambulanse er ein ideell organisasjon og offentleg finansiert, i tillegg til å få bidrag frå meir enn 300 000 gjevarar og nesten 3700 støttebedrifter. 

Målet er å utvikle luftambulansetenesta gjennom forsking, undervisning og utviklingsprosjekt til beste for akutt sjuke og alvorleg skadde. Stiftelsen representerer eit av Europas største forskingsmiljø innan akuttmedisin utanfor sjukehus. 

Kronprins Haakon er Stiftelsen Norsk Luftambulanses høge beskyttar.

 

Kronprinsen på Camp Torpomoen from Stiftelsen Norsk Luftambulanse on Vimeo.

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook