Hopp til hovedinnhold

God forvaltning av havet

Havet er viktig for å oppnå nesten alle FNs berekraftsmål. Føresetnaden er ein god balanse mellom vern og berekraftig bruk av ressursane havet rommar, understreka Den Høgvørde Kronprinsen i dag.

25.09.2018

Noreg har teke ei leiande rolle internasjonalt i arbeidet for ei god, forskingsbasert forvaltning av havet. Målet er å skape forståing for korleis havet kan gje store bidrag i kampen for FNs berekraftsmål for å utrydde svolt og fattigdom – dersom vi sørgjer for ein god balanse mellom vern og berekraftig bruk.

Samling om ei berekraftig forvaltning av havet. Foto: Erik Abild, Det kongelege hoffet
Kronprins Haakon understreka nettopp dette da han talte under FN Global Compacts arrangement "Ocean Retreat" i dag.

– Berekningar viser at vi vil vere om lag 10 milliardar menneske på planeten innan år 2050. Ti milliardar som treng mat, energi og transportmiddel. Mange av framtidas løysingar på utfordringane dette inneber, er å finne i havet. Men det er avhengig av evna vår til å forvalte havet  berekraftig i dag, sa Kronprinsen.

Å frigjere det enorme, uutnytta potensialet som ligg i havet, er avgjerande for å nå FNs berekraftsmål. 

– Ifølgje OECD kan havøkonomien åleine skape 40 millionar arbeidsplassar globalt innan 2030. Å frigjere det enorme, uutnytta potensialet som ligg i hava våre, er avgjerande for å nå FNs berekraftsmål. 

Men om vi ikkje tek skritt for å verne om havmiljøet, vil vi heller ikkje kunne hauste av rikdommen i havet, peika Kronprins Haakon på.

Men om vi ikkje tek skritt for å verne om havmiljøet, vil vi heller ikkje kunne hauste av rikdommen i havet. 

Ocean Retreat er den første samlinga for FN Global Compacts plattform for berekraftig havøkonomi etter lanseringa i juni. Havplattforma har som mål å skaffe innsikt i korleis havet og havnæringane kan bidra i arbeidet med berekraftsmåla og arbeide for internasjonale standardar for berekraftig bruk av havet.

Initiativet samlar representantar for forsking, organisasjonsliv og næringsliv, og nokre av verdas største havbedrifter innan område som energi, shipping og oppdrett deltek. Noreg har teke ei leiande rolle i arbeidet og bidreg òg økonomisk.  

Kronprins Haakon møtte òg Verdas naturfond WWF i dag, og bidrog med eit intervju til ein dokumentar om havet. Foto: Erik Abild, Det kongelege hoffet

Høgnivåmøte 

Forvaltninga av havet er eit viktig eksempel på tematikk der internasjonale avtalar er avgjerande. Noreg har lang erfaring med heilskaplege forvaltningsplanar og kan bidra med verdifull kunnskap, teknologi og ressursar i internasjonal havforvaltning.  

Statsminister Erna Solberg leier FNs havpanel og innleidde under gårsdagens høgnivåmøte om berekraftig havøkonomi.

Havpanelet består av stats- og regjeringssjefar frå Australia, Chile, Fiji, Ghana, Indonesia, Jamaica, Japan, Mexico, Namibia og Portugal og arbeider for ein uavhengig ekspertrapport med klare anbefalingar for ei berekraftig forvaltning. Målet er å presentere rapporten i 2020.

Havmottaking

Hav var òg temaet for ei stor mottaking på Museum of Modern Art (MoMA) i natt, norsk tid. Statsminister Erna Solberg stod som vert for mottakinga og kunne ønskje fleire hundre gjester velkommen til å smake sjømat og diskutere hav.

På MoMA var det òg nokre litt ledigare postar på programmet – som ein omgang Kahoot med spørsmål om havet – der Kronprins Haakon måtte sjå seg slått av utviklingsminister Nikolai Astrup.

Kronprins Haakon og utviklingsminister Nikolai Astrup speler Kahoot med spørsmål om hav under mottakinga på MoMA. Foto: Pontus Höök / NTB scanpix

Mottakinga vart arrangert i samarbeid med FN Global Compact. 

Our Ocean

Neste år skal Noreg vere vertskap for konferansen Our Ocean 2019. Han vil gå av stabelen i Oslo 23. og 24. oktober med kunnskapsbasert, heilskapleg forvaltning av havet som hovudtema. I år blir konferansen halden på Bali.

 

Fakta

FNs 17 bærekraftsmål

  1. Utrydde alle former for fattigdom i hele verden
  2. Utrydde sult, oppnå matsikkerhet og bedre ernæring, og fremme bærekraftig landbruk
  3. Sikre god helse og fremme livskvalitet for alle, uansett alder
  4. Sikre inkluderende, rettferdig og god utdanning og fremme muligheter for livslang læring for alle
  5. Oppnå likestilling og styrke jenters og kvinners stilling
  6. Sikre bærekraftig vannforvaltning og tilgang til vann og gode sanitærforhold for alle
  7. Sikre tilgang til pålitelig, bærekraftig og moderne energi til en overkommelig pris
  8. Fremme varig, inkluderende og bærekraftig økonomisk vekst, full sysselsetting og anstendig arbeid for alle
  9. Bygge robust infrastruktur, fremme inkluderende og bærekraftig industrialisering og bidra til innovasjon
  10. Redusere ulikhet i og mellom land
  11. Gjøre byer og bosettinger inkluderende, trygge, motstandsdyktige og bærekraftige
  12. Sikre bærekraftige forbruks- og produksjonsmønstre
  13. Handle umiddelbart for å bekjempe klimaendringene og konsekvensene av dem*
  14. Bevare og bruke hav og marine ressurser på en måte som fremmer bærekraftig utvikling
  15. Beskytte, gjenopprette og fremme bærekraftig bruk av økosystemer, sikre bærekraftig skogforvaltning, bekjempe ørkenspredning, stanse og reversere landforringelse samt stanse tap av artsmangfold
  16. Fremme fredelige og inkluderende samfunn for bærekraftig utvikling, sørge for tilgang til rettsvern for alle og bygge velfungerende, ansvarlige og inkluderende institusjoner på alle nivåer
  17. Styrke gjennomføringsmidlene og fornye globale partnerskap for bærekraftig utvikling


Kilde: Utenriksdepartementet

 

Kronprins Haakon i Mesetas. Foto: FN-sambandet / Eivind Oskarson

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook